aktuelt

Etnedølene sa ja, kommunestyret sa nei

Nynorsken vann skulemålsrøystinga i Etnedal. Eit fleirtal på heile 67,4% i folkerøystinga ville halde fram med nynorskopplæring i skulen. Kommunestyret i Etnedal derimot, tok ikkje imot rådet for folket. Dei ville heller ha bokmål.

Ei folkerøysting er rådgjevande. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i etterkant. I Etnedal valde kommunestyret å sjå vekk frå det tydelege og klare rådet frå folket. Dei meinte valdeltakinga var låg og at dei som røysta kom med feil råd. I saksframstillinga vart det lagt vekt på at fleirtalet av dei som røysta for nynorsk var over 40 år.

I saka til kommunestyret hadde administrasjonen gjort eit uvanleg grep og opplyst om alderen til dei som deltok i folkerøystinga. Dei opplyste i sakspapiret om at røystene fordelte seg med 14,7% under 40 år og 85,3% over 40 år. Det er ikkje teke omsyn til at dei aller fleste foreldre til barn i barneskulen i dag ligg i aldersspennet 40 år og oppover.

Det vert også synt til fleire «meiningsmålingar» mellom lærarar på Etnedal skule, føresette på Etnedal skule og føresette i barnehagen, og der vert det ikkje oppgjeve deltakinga innanfor ulike aldersgrupper.

I tillegg vart det også laga ei «meiningsmåling» hjå elevane.

Alle desse meiningsmålingane hadde fleirtal for bokmål, sjølv om det ikkje vert problematisert at dei ikkje meinte det så sterkt at dei faktisk brukte røysteretten sin i sjølve folkerøystinga.

Ungdomsrådet gav eit tydeleg råd om å halde fram med nynorsken, men også dette rådet valde kommunestyret å sjå vekk ifrå.

Dermed vart det til slutt fleirtal med 8 mot 5 røyster i kommunestyret for å skifte til bokmål som opplæringsspråk i Etnedal. Forskrifta er no lagt ut på høyring i kommunen.

Saksframstillinga i Etnedal kommune.