aktuelt

Feil i referat stoppa nynorsktiltak i Stavanger

Tiltak for nynorsk i Stavanger blei ikkje gjennomførte på grunn av feil i møtereferatet.

TEKST: VEMUND KNUDSEN, NORSK TIDEND

Etter kommunesamanslåinga skifta Stavanger kommune frå bokmål til språknøytral. Den 25. november 2019 behandla kommunestyret i Stavanger saka «Målform i nye Stavanger kommune». Her blei det mellom anna vedteke at kommunen skulle styrkja nynorsken i administrasjonen, i skulen og ute i kommunen.

Under diskusjonen i kommunestyret, fremja representanten Rune Askeland (MDG) eit tilleggsforslag med 4 punkt for styrking av nynorsken. Sjå faktaboks.

Forslaget fekk røystene til partia Raudt, Ap, Sp, KrF, Venstre og MDG. Desse partia har til saman 35 representantar og ein treng 34 for fleirtal.

I protokollen er det derimot skrive at forslaget fekk 28 røyster. Feilen blei meldt vidare til politisk sekretariat.

«Me har sett oss inn i saka og ser at det har skjedd ein teljefeil frå vår side. Det er ein menneskeleg feil, seier Hanne Navdal Vatnaland, avdelingssjef ved politisk sekretariat i Stavanger, til Norsk Tidend.»

Dersom eit parti ikkje røyster samla for eit forslag, er det vanleg praksis å presisera med namn kven som røysta for kva. I protokollen er ikkje dette spesifisert, noko som tyder på at alle representantane i partia har røysta for forslaget frå Askeland.

Så lenge protokollen har vore feil, har ikkje kommunedirektøren agert.

Hanne Navdal Vatnaland, leiar for Politisk sekretariat, Stavanger Kommune

Kan du presisera kva det er som er talt feil? Er det kva representantar som røysta for, eller er det kva parti som har røysta for forslaget?
«Det er ein teljefeil. Summen av mandata til partia som røysta for forslaget, er feil. Me har sjekka at det ikkje var nokon som mangla i salen, og at det ikkje var vararepresentantar som ikkje hadde møtt opp. Det var det ikkje. Det må seiast at det er strenge reglar på at ein ikkje skal forlata salen under votering, svarer Vatnaland.»

Så tilleggsforslaget frå Askeland skulle hatt fleirtal?
«Det stemmer.»

Er resten av protokollen frå møtet 25.11.2019 rett?
«Resten av protokollen er rett. Det er berre akkurat forslaget frå Askeland som er summert feil.»

Kva konsekvensar har dette fått for nynorskarbeidet i kommunen?
«Det har betydd at tilleggsforslaget frå Askeland ikkje er del av det samla fleirtalsvedtaket. Så lenge protokollen har vore feil, har ikkje kommunedirektøren agert. Det skulle han ha gjort, dersom protokollen var riktig.»

Får dette politiske eller juridiske følgjer?
«Protokollen frå eit møte blir godkjent av kommunestyret på det etterfølgjande møtet. Dermed har me ikkje moglegheit til berre å gå inn og endra protokollen. Me kjem derfor til å leggja fram protokollen til ny godkjenning, med endring om at forslaget frå Askeland har fleirtal. Det betyr at kommunedirektøren må følgja opp saka, tre år for seint. Det er det dokumentet som er feil, som må rettast opp i, me treng ikkje behandla heile saka på nytt.»

Er det andre protokollar som vil sjekkast for feil?
«Me korrigerer berre denne, då me ikkje er kjende med andre feil.»

Kven er det som har ansvar for at møteprotokollane er rette?
«Protokollane blir underskrivne av ordførar og leiar av politisk sekretariat. Deretter blir han godkjend politisk av kommunestyret, svarar Vatnaland.»

Ønskte nynorsk i Stavanger

Før kommunesamanslåinga var fleirtalet av kommunane i Rogaland nynorskkommunar. Dette medførte at fylkesdirektøren hadde nynorsk som tenestespråk.

Etter Finnøy gjekk inn i Stavanger og Forsand inn i Sandnes, mista Rogaland to nynorskkommunar. Når Stavanger i tillegg blei nøytral, er fleirtalet av kommunane i Rogaland språknøytrale. Dermed er ikkje fylkesdirektøren lenger plikta til å nytta nynorsk som tenestespråk. Det frykta mellom anna SV at ville bety ei svekking av nynorsken.

SV føreslo i 2018 at Stavanger skulle bli nynorskkommune etter samanslåinga. Argumentet gjekk mellom anna på at Stavanger burde ta ansvar for å styrkja nynorsken i Rogaland og på Vestlandet. Dei har likevel ikkje støtta forslaget til Askeland. Norsk Tidend har snakka med Eirik Faret Sakariassen, gruppeleiar i SV og leiar for Utval for oppvekst og utdanning.

Kvifor har de ikkje støtta forslaget frå Askeland?
«Eg kan ikkje hugsa nøyaktig denne røystinga lenger. Men min konklusjon er at me må ha røysta feil, for det er ingenting i forslaget frå Askeland me er i mot. Det har kanskje vore ei litt kaotisk avrøysting. Eg og SV er veldig glade for at forslaget eigentleg fekk fleirtal, svarar Eirik Faret Sakariassen.»

Kven har hovudansvaret for at protokollen er riktig?
«Eigentleg alle, både administrasjon og politikarar. Dette er ei påminning om at me må lesa protokollane nøye.»«

PARTIET RØYSTA FEIL: Eirik Faret Sakariassen (SV) ønskte eit nynorsk Stavanger. Men i saka om målform i Stavanger røysta SV feil ved eit uhell. Foto: Stavanger SV

Nynorsktiltak i administrasjonen

Trass i protokollfeilen har administrasjonen gjort eigne tiltak for å styrkja nynorsken hos dei tilsette. Norsk Tidend har snakka med kommunikasjonsavdelinga i Stavanger kommune.

På sikt skal all informasjon på nettsidene vera tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. Når det er i boks, vil me vera den einaste kommunen i landet som har innbyggjarinformasjon på begge språka.

Marianne Jørgensen, Kommunikasjonssjef i Stavanger kommune

«Kommunen har eit mål om at 20 % av innlegg i sosiale medium og 20 % av nyheitene på heimesida, skal vera på nynorsk. Vi oppmodar og motiverer tilsette til å skriva meir nynorsk. Dei siste åra har vi tilbydd fleire kursrekkjer for tilsette som ønskjer å skriva nynorsk, både grunnkurs i klarspråk og eigne skrivekurs for saksbehandlarar. Dei neste kursa går november,» seier Marianne Jørgensen, kommunikasjonssjef i Stavanger kommune, til Norsk Tidend.

Ei oversikt frå kommunedirektøren i januar i år viser at målet i sosiale medium er nådd. Dei andre måla er ikkje nådde endå.

«På sikt skal all informasjon på nettsidene vera tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. Når det er i boks, vil me vera den einaste kommunen i landet som har innbyggjarinformasjon på begge språka,» seier Jørgensen stolt.

I tillegg er nynorskroboten frå Nynorsk pressekontor kjøpt inn og installert på alle datamaskinar i kommunen, for å gjera omsetjingar enklare.

«Nynorskroboten gir oss store moglegheiter og har fungert godt, men omsetjingane krev framleis kvalitetssjekk. Det tar derfor tid, men me er nøgde med at me kommuniserer stadig meir på nynorsk, svarar kommunikasjonssjefen.»

MEIR NYNORSK: Marianne Jørgensen og kommunikasjonsavdelinga har arbeida for å få meir nynorsk frå kommunen. Foto: Stavanger Kommune

Det er ikkje eit mål for kommunen å gjera alle saksdokument tilgjengelege på både bokmål og nynorsk. Stavanger kommunestyre har heller ikkje vedteke krav om at innbyggjarane skal få svar på den målforma dei sjølv bruker. Kvar enkelt tilsett kan nemleg bruka det språket dei ønskjer, til kvar tid.

Kommunen har derimot eit mål om å gjera 20 % av stillingsannonsar, brosjyrar og kunngjeringar frå kommunen på nynorsk. Bergen, som også er språknøytral, har til samanlikning vedtatt ein generell nynorskdel på 10 %.

«Det er gjort store satsingar i administrasjonen og kommunikasjonsavdelinga i kommunen. Under pandemien blei noko av arbeidet nedprioritert, men det er godt i gang igjen no,» avsluttar kommunikasjonssjefen.

Ingen språkbruksplan endå

Ifølgje vedtaket gjort i Stavanger kommunestyre 25. november 2019, skulle Nye Stavanger «jobbe for å styrke nynorsken både i kommuneadministrasjonen, i skolen og i Stavanger-samfunnet som helhet. De to siste punktene […] skal følges opp politisk med en egen sak i løpet av 2020.»

Dette er vedtatt igjen i 2020 og 2021. Likevel har ein eigen språkpolitisk plan for nynorsk i skulen og Stavanger-samfunnet latt venta på seg. I Bergen er det til samanlikning sett av 1,7 millionar kroner til målretta tiltak for nynorsken, som tidlegare rapportert av Norsk Tidend. Dette var tiltak som var inne i språkbruksplanen til Bergen kommune.

Norsk Tidend har etterspurt status på ein språkpolitisk plan i Stavanger.

«Sak om det vidare språkarbeidet er under arbeid og vil vera klar rundt juletider i år. Me vil då koma med forslag til ein heilskapleg plan der nynorsk vil vera eitt av fleire satsingsområde for språk i kommunen. Planen vil vera ferdig behandla og vedtatt politisk tidlegast våren 2023,» fortel kommunikasjonssjefen.

Haldningane omkring nynorsk i Stavanger har lenge vore fiendtlege. Det er faktisk nynorskbrukarar som vel å ikkje bruka nynorsk i Stavangerpolitikken.

Bjarne Kvadsheim, leiar i Stavanger Mållag og gruppeleiar for Stavanger Senterparti.

I januar 2020 melde lokalavisa Øyposten at nynorsken var nærast utradert hos innbyggjartorget på Finnøy. På fjerde trinn på ein skule på Finnøy, er det ein rein bokmålsklasse for første gong. Dei påfølgjande åra har det derimot ikkje vore bokmålselevar i Finnøy kommunedel. Den siste nynorskklassen i gamle Stavanger kommune vert lagt ned i 2014.

Bjarne Kvadsheim er leiar i Stavanger Mållag og gruppeleiar for Stavanger Senterparti. Han synest arbeidet med språk og tiltak for nynorsken har gått alt for seint:

«Det har diverre gått alt for treigt. Språkplanen er vedtatt fleire gonger. Når planen kjem så seint, betyr det potensielt at me går ein heil bystyreperiode utan målretta politiske tiltak for å hindra den utviklinga som har vore ute i kommunen og i skulen, dei siste åra. Her har ikkje politikarane levd opp til det me har vedteke, seier Kvadsheim»

VONAR PÅ BETRE TIDER: Bjarne Kvadsheim (Sp) vonar det blir haldningsendringar i Stavanger med tida.

Ingen nynorsk i partiprogramma

Norsk Tidend har sett på partiprogramma til dei partia som sit i bystyret i Stavanger i inneverande periode.

SV er det einaste partiet som har valprogram på både bokmål og nynorsk, men nynorsk er likevel ikkje nemnt ein einaste gong i programmet. Det er det heller ikkje hos nokon av partia frå Raudt til FrP.

I den politiske plattforma til fleirtalspartia er heller ikkje nynorsk nemnt.

Det står ingenting om nynorsk i korkje valprogrammet til Senterpartiet eller i samarbeidsplattforma de er ein del av. Finst det eigentleg eit reelt ønske om å styrkja nynorsken?

«Når det gjeld partiprogramma og samarbeidsplattforma, så har diverre ikkje nynorsk vore eit tema før no etter samanslåinga. Derfor har det vore vanskeleg å få gjennomslag. Haldningane omkring nynorsk i Stavanger har lenge vore fiendtlege. Det er faktisk nynorskbrukarar som vel å ikkje bruka nynorsk i Stavangerpolitikken.

Som leiar i Stavanger Mållag har eg forsøkt å rekruttera folk frå fleire parti inn i styret, for å betra påverknaden inn i partia. No har me folk frå Ap, Krf, Sp og Høgre i styret. Dette vonar eg vil hausta resultat når tida kjem, då eg stort sett opplever Raudt og SV som nynorskvenlege,» fortel Kvadsheim.

Norsk Tidend spurte også Eirik Faret Sakariassen frå SV same spørsmål.

«Me ønskjer oss ein språkbruksplan, og har venta svært lenge på den. Eg har også forstått at nynorskroboten frå Nynorsk pressekontor har vore ein suksess. Den var eg ein av pådrivarane for,» seier Sakariassen.

«Stavanger kommune kommuniserer meir på nynorsk enn nokon gong. Dette synest eg er bra, og det skulle berre mangla når me skal vera ein språknøytral kommune.»

Kva ambisjonar har SV for nynorsken framover?

«Eg vonar me vil sjå fleire nynorskklasser og nynorskelevar også i gamle Stavanger kommune. Det har det vore før, så det er absolutt potensial. Det burde vere mogleg å finna nokre gulrøter for å få fleire til å velja nynorsk. Kanskje haldningskampanjar eller ved å motivera foreldra.»

Små framsteg

Tidlegare nemnde Rune Askeland er leiar for Utval for miljø og utbygging. Han opplever at haldningane til nynorsk har endra seg sakte, men sikkert dei siste åra:

«Me får fleire og fleire sakspapir på nynorsk. Eg opplever også at det blir stadig vanlegare å få svar på nynorsk frå administrasjonen. Det tar sjølvsagt tid å endre kulturen frå rein bokmål, til også å omfatta nynorsk. Men det er gjort framsteg her,» fortel Askeland.

Me får fleire og fleire sakspapir på nynorsk. Eg opplever også at det blir stadig vanlegare å få svar på nynorsk frå administrasjonen.

Rune Askeland (MDG)

«Med det sagt, så er det tydeleg at det må bli gjort meir enn no. Det er svært synd at forslaget mitt ikkje er gått gjennom før no på grunn av ein feil. Eg sat i utvalet for Oppvekst og utdanning sist periode, då den siste nynorskklassen blei lagt ned. Det var eg i mot. Særleg fordi eg meiner det ikkje var sviktande elevtal eller interesse som var årsaka, men politisk vilje.»

FLEIRTAL: Rune Askleland (MDG) sitt forslag fekk fleirtal. Han håpar på endå fleire tiltak for nynorsk i kommunen.

Kvadsheim kan fortelja at han også har positive opplevingar omkring nynorsken:

«Det må bli sagt at ingen har klaga på at eg skriv saksframlegg frå korkje meg sjølv eller på vegner av Utval for kultur, idrett og samfunnsdialog på nynorsk, som eg leiar. Me er det utvalet med høgast nynorskdel, og det er eg stolt over. Eg er også vigslar i kommunen, og har berre fått gode tilbakemeldingar på at eg gjer dette på nynorsk. Folk synest det er veldig kjekt!»

MERKNAD: Forfattar av artikkelen, Vemund Norekvål Knudsen, er tidlegare medlem i Arbeidarpartiet. Han var mellom anna medlem i nominasjonskomiteen i Stavanger Ap til valet 2019. I dag er han ikkje medlem i noko parti.