Førebur nytt arbeidsprogram

– No er me i gang med å laga det neste arbeidsprogrammet for Noregs Mållag. Det er både viktig og spennande arbeid, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag.
Ho er utpeika av styret til å leia arbeidet med å skrive framlegg til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag. Styret har sett ned ei nemnd som skal ha ansvaret for å driva dette framover, og nemnda vil no gjerne ha med seg innspel frå lokale mållag og enkeltmedlemar i Mållaget.
Det er dei store spørsmåla dei utfordrar oss til å svare på:
Kva trur du er det viktigaste å prioritera for framtida til nynorsken?
Kva trur du er det viktigaste å prioritera for framtida til organisasjonen vår?
– Dette er det me skal me prøva å finna ut av fram mot landsmøtet i 2026. Omfattande og opne spørsmål som treng gjennomarbeidde og presise svar, seier Live Havro Bjørnstad.
– Set gjerne av tid på eit årsmøte eller andre møte de har, til å prata litt laust (eller fast!) om dette. Og send innspel til oss i nemnda viss de pratar om noko de har lyst til å dela, oppmodar Live Havro Bjørnstad.
I fyrste omgang tek dei imot innspel fram til 6. april. Framlegg og tankar kan sendast til framlegg@nm.no.
Det er ei solid nemnd som har fått oppdraget frå styret: Live Havro Bjørnstad, leiar av nemnda og nestleiar i Noregs Mållag (Bergen), Gunnhild Skjold, styremedlem i Mållaget (Tromsø), Svein Kostveit, leiar i Vinje Mållag (Rauland), Helene Urdland Karlsen, nestleiar i Stavanger Mållag, (Stavanger) og Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom (Oslo).
Frida Pernille Mikkelsen, politisk rådgjevar hjå Noregs Mållag er skrivar for nemnda.
I september skal fyrsteutkastet vere klart til høyring i organisasjonen. Etter ei høyringsrunde vil nemnda arbeide seg vidare til eit andreutkast. Styret gjer vedtak om framlegg til nytt arbeidsprogram i februar/mars 2026 og så skal arbeidsprogrammet for 2026-2030 bli vedteke av landsmøtet på Gardermoen 24.-26. april 2026.