aktuelt

Framleis nynorsk i Møre og Romsdal

Administrasjonsspråket i Møre og Romsdal fylkeskommune skal framleis vere nynorsk, har fylkestinget bestemt.

– Det blæs ein nynorskvind over Møre og Romsdal denne adventstida, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, etter at Ålesund gjorde nynorskvedtak førre veke og Møre og Romsdal denne veka.

Møre og Romsdal fylkesting har i dag sagt klart og tydeleg og med stort fleirtal at språket til fylkesadministrasjonen framleis er nynorsk.

Det var Monica Molvær frå Høgre som etter valet i 2019 lova å fremje ei sak om at fylkeskommunen skulle gå over til å vere språknøytral. Fylkesadministrasjonen har førebudd saka, som også omhandlar korleis fylket skal innrette seg etter den nye språklova. Og i dag har ho altså kome til fylkestinget. 

– Møre og Romsdal fylkesting stadfestar med dette sitt eksisterande vedtak, og legg inn i vedtaket at språket til dei vidaregåande skulane skal følgje kommunen sitt språk. I tillegg vil fylkestinget legge til rette for at det blir enklare for nynorskelevane å halde på språket sitt, og sikre digitale læremiddel på nynorsk. 

Møre og Romsdal skal no altså halde fram med å vere landets nest største nynorskfylke og framleis bidra til å halde oppe det nynorske skriftspråket i Ivar Aasen sitt eige heimfylke.