aktuelt

Frida Pernille Mikkelsen er ny leiar i Norsk Målungdom

Frida Pernille Mikkelsen (24) frå Sunnfjord vart vald til ny leiar i Målungdommen på landsmøtet i helga. I året som kjem skal ho feire 60-årsjubileet til organisasjonen og kjempe for rettane til elevar og studentar. – Dette året skal vi sørgje for at den nye opplæringslova og universitets- og høgskulelova sikrar rettane til nynorskbrukarane, seier den nyvalde leiaren. 

Denne helga samla språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet seg for å vedta ny politikk og bestemme kva organisasjonen skal arbeide med i året som kjem. Landsmøtet var digitalt, men det var samlingar i Trondheim, Sogndal og Tromsø. 

Frida Pernille Mikkelsen kom inn i organisasjonen gjennom målungdomslaget på Firda vgs., og har også vore aktiv i Studentmållaget i Oslo. Ho har tidlegare sete tre år i sentralstyret og eitt år som skrivar. No ser ho fram til å gå inn i rolla som leiar. 

– Eg er klar for å stå i spissen for arbeidet med å sikre nynorsken. Kvart år ser vi at studentar ikkje får eksamen på nynorsk og at elevar ikkje får dei læremidla dei har krav på. Det er ikkje godt nok, seier Mikkelsen. 

Norsk Målungdom skal også løfte nynorsksakene i stortingsvalet og skipe til trygge og gode tilskipingar både lokalt og nasjonalt. 

– Eg ser fram til å leie organisasjonen gjennom jubileumsåret! avsluttar Mikkelsen. 

Ho tek over som leiar i juli. Med seg i leiinga får ho Ådne Reidar Nes Kleppe frå Stad som nestleiar og Rebekka Hugøy Hovland frå Sunnfjord som skrivar. Som sentralstyremedlemmar får dei med seg Tobias Christensen Eikeland frå Oslo, Dordi Boksasp Lerum frå Tingvoll og Marit Voldsund Fjeldvær frå Hitra.