Fritak på avvegar
Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs Mållag.
Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken av Stortinget i 1907. For å sikre reell språkleg likestilling og gje alle elevar fridomen til å velje kva skriftspråk dei vil bruke, har vi obligatorisk sidemålsopplæring med karakter i skulen.
Når ein fjerdedel av norske elevar ikkje får karakter i sidemål, knekk denne ryggrada saman.
Fritaksordninga i skulen må fungere slik ho er meint å gjere. Ho skal gje dei elevane som verkeleg treng det, eit fritak fordi det ikkje lèt seg gjere å meistre både nynorsk og bokmål. Er det verkeleg slik at kvar fjerde tiandeklassing ikkje har evne til å lære seg nynorsk og bokmål?
I november 2025 fortalde Kaveh Rashidi om si oppleving med fritak frå vurdering i sidemål i NRK Leseklubben:
«På skulen fekk eg fritak frå nynorsk, fordi foreldra mine ikkje er fødde i Noreg. Ein rar regel. Eg var jo skuleflink, og hadde dei same føresetnadene som klassekameratane mine til å lære det».
Rashidi si oppleving liknar mange andre sine forteljingar om kvifor nettopp dei fekk fritak frå sidemål.
Det finst ikkje reglar i lov eller forskrift som seier at eit anna morsmål enn norsk automatisk gir eleven rett til fritak.
Vedtaket om fritak frå vurdering i sidemål må følgje sakshandsamingsreglane. Mellom anna må saka vere så godt opplyst som mogleg.
Eit fritaksregime ute av kontroll vatnar ut sidemålsordninga i norsk skule.
Noregs Mållag meiner at
- det må førast tilsyn med fritaksvedtaka
- Utdanningsdirektoratet må gje tydeleg rettleiing på korleis ein handsamar fritakssøknadar
- Kunnskapsdepartementet må vurdere om lova gir for stort rom til fritak