aktuelt

Game of Nynorsk

Duo-soge: Eit døme på ei av sogene Johanna har laga

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

Gjennom språkappen Duolingo kan du lære deg Game of Thrones språket valyrisk, urfolkspråket navajo eller store språk som kinesisk og spansk. Men nynorskkurs finst ikkje. Johanna Breivang tok difor saka i eigne hender.

– Eg har no laga 40 «Duosoger» på frivillig basis, og har planar om fleire, seier ho.

Språklæring gjennom spelmekanismar

Duolingo er ein app der ein kan lære seg ei rekkje ulike språk gjennom ulike spel- og leikmekanismar. Ein kan lære alt frå dei største språka, til mindre språk som irsk og ulike urfolksspråk, til språk frå fantasiunivers, som valyrisk og alvisk.

– Duolingo har vore veldig opne for å lage opplegg for ulike språk på etterspurnad frå brukarane. Men etter Duolingo blei eit kommersielt aksjeselskap, er derimot dette blitt vanskelegare, fortel ho. Duolingo er i utgangspunktet reklamefinansiert, men dette er det mogleg å kjøpe seg ut av.

Appen er laga som eit interaktivt spel, der ein får løn i form av poeng og interne bonusar etter kvart som ein gjer ulike modular og kurs i språket.

Duolingo utan nynorsk

Dei fleste kursa går frå engelsk til det valte språket, men det er også mogleg å lære seg engelsk som spansktalande, til dømes. Det finst også eit engelsk til norsk kurs, men dette kurset er berre på bokmål. I Duolingo kan ein altså lære seg fantasispråk, men ikkje nynorsk.

Har det vore etterspurnad for eit nynorskkurs i duolingo?

Ja, det har vore det i Duolingo miljøet. Eg er med i ei Discord-gruppe [nettsamfunn] kalla Norwegian Language Learning. Der er det fleire tusen menneske frå heile verda som vil lære seg norsk, men
det finst berre ressursar frå engelsk til bokmål. Då fann eg ut at eg fekk gjere det sjølv, då.

Sidan slutten av mai i år, har Johanna skrive manus, laga oppgåver og lese inn lyden til det som blir kalla «Duo-soger» (Duostories), heilt på frivillig basis. Ho får også hjelp av to korrekturlesarar, som også kvalitetssjekkar sogene.

Duo-soger er ei form for interaktive historier som er laga for å trene språkforståinga til brukaren. I desse historiene følgjer gjerne ein samtale eller ein diskusjon gjennom ei historie eller situasjon – alt med stemmeskodespel og påfølgjande spørsmål og gloseøving. Dei er ein av fleire ulike typar øvingar ein finn i eit språkkurs hjå Duolingo.

Men det finst altså ikkje eit fullverdig engelsk til nynorsk kurs gjennom Duolingo systemet – endå.

Duolingo-lisens

Johanna fortel at sjølv om Duolingo er blitt strengare på kva språk dei sjølv utviklar, tillèt dei mykje brukarskapte språkkurs.

– Det er heldigvis mange språkinteresserte som skapar eige innhald til Duolingo. Eg har fått lisens å bruke grensesnittet, karakterane og lydane til Duolingo. Nynorsksogene for dei som vil lære seg norsk ligg ute på framsida til Duostories no, faktisk, fortel ho.

Johanna fortel at ho også jobbar med eit bokmål til nynorskkurs innanfor duolingo-grensesnittet, men veit ikkje når dette er klart eller tilgjengeleg.

Er det kvalitetssikring av desse sogene og brukargenererte språkkursa?

– Det må vere nok historier, og utover det høyrer eg med korrekturlesarane om dei er gode nok.

Ønsker det særeigne

Johanna fortel at utviklinga er at hovuddelen av det brukargenererte innhaldet prioriterer framandspråka heller enn engelsk. Altså at det er etterspurnad for kurs som ikkje er frå engelsk til eit anna språk, men frå til dømes fransk til spansk, eller spansk til engelsk.

– Det er også fleire kurs som har øvingar og glosepuggingar, men ikkje duo-soger. Det bidreg mange frivillige i dag til å gjere noko med.

Kva med kurs i grammatikk og slikt?

– Eg freistar å lage historier som fokuserer på grammatikk og så langt som råd bruke særnynorske ord og vendingar. Nærmare bestemt held eg meg unna dei bokmålsnærme formene, dei kan folk allereie. Eg vil heller vise fram styrkjene, det fine, det artige og særeigne med nynorsk, utan å bruke dei mest konservative formene.

Ser du på digitalisering som eit problem eller ei løysing for minoritetsspråk så som nynorsk?

Johanna tenkjer seg ikkje lenge om før ho svarar:
– Det er dei store selskapa som er problemet. Prosjekt som dette er berre bra. Det syner oss kva som kan bli gjort dersom ein prioriterer, dersom ein faktisk har tid og ressursar.

– Mastodon, som er eit alternativ til X/Twitter, har til dømes omset heile grensesnittet sitt til nynorsk. Minecraft er også tilgjengeleg på nynorsk, til dømes. Det viser at det berre er vilje det står på frå dei store selskapa. Enn så lenge må mykje av arbeidet liggje hos kreative og skapande frivillige.