aktuelt

Gaute er årets nynorskbrukar

Gaute Eiterfjord (26) er kåra til årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum.

– Klimasaka er viktig for både oss og resten av verda. Vi treng ein terminologi for å omtale verda rundt oss på vårt eige språk, og dette bidreg Gaute Eiterjord til med å skrive om klima på nynorsk, både gjennom bokutgjevinga og i sosiale medium, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.

– Gaute Eiterjord bidreg i den offentlege debatten og jobbar for å påverke gjennom ytringar, engasjement og kunnskapsformidling. Dette er grunnleggjande verdiar som er viktige i eit velfungerande demokrati.

Sjølve tildelinga vert i høve Det nynorsk festspela i juni.

Gaute Eiterjord får heider for å sette dagsordenen i klimasaka på nynorsk. Han har mellom anna skrive boka Klimaopprøret, og engasjert seg som klimaforkjempar, naturvernar og tidlegare leiar i Natur og Ungdom. Han er ein av hovudpersonane bak dei norske skulestreikane og klimasøksmålet mot staten.

Gaute Eiterjord vart i fjor peikt ut som eitt av ti unge «Nynorsktalent» i ei kåring der Nynorsk kultursentrum, Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen sat i juryen.