aktuelt

Glad for Raja-millionar til nynorsken

Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag.

– Abid Raja gjer eit viktig språkpolitisk løft i budsjettet, med fleire konkrete tiltak for å følgje opp språkmeldinga dei leverte tidlegare i år, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I fjor hadde Kulturdepartementet ei språksatsing på 9,3 millionar kroner. Sjølv i eit stramt budsjett i krisetid er denne satsinga vidareført i 2021, og i tillegg legg dei 11,5 millionar kroner friske kroner i potten.

– Det er utruleg viktig at kulturminister Abid Raja satsar vidare på språkpolitikk, og for nynorsken satsar han på konkrete tiltak. Å vidareføre støtte til nynorskroboten som Nynorsk Pressekontor utviklar, kan få svært mykje å seie for nynorsk i pressa i åra framover, seier Peder Lofnes Hauge. I tillegg får Det Norske Samlaget og Nynorsk avissenter ekstra støtte, attåt Teater Vestland som arbeider med å få til eit Nynorskhus i Førde. Kulturdepartementet har også funne plass til ei løyving til Vinjesenteret i Vinje. På sikt vonar vi også at Det Vestnorske Teateret får ei auka fast driftsstøtte i tråd med den viktige rolla teateret speler for utviklinga av nynorsk scenespråk. 

Peder Lofnes Hauge er også nøgd med at Noregs Mållag får 200 000 kroner for å skape rom for formidling av nynorsk litteratur til barn og unge.

– Desse pengane skal bli nytta godt når Noregs Mållag og Norsk Målungdom reiser på nynorskstafett neste år, fortel Peder Lofnes Hauge. 

Mållaget er likevel skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gongen kjem med det ekstra løftet i grunnskulen som nynorskelevane verkeleg treng. Særleg er vi uroa for at det ikkje ligg inne pengar til språkdelte ungdomsskular i budsjettet frå Kunnskapsdepartementet. Skal det vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev, må opplæringspolitikken leggje til rette for nynorskelevane. Då må regjeringa sikre nynorskelevar retten til å gå i eigen klasse ut ungdomsskulen, i tillegg til å sikre dei læremiddel på eige språk, både digitale og trykte.

Det er lovande at Kunnskapsdepartementet skriv at dei vil vurdere språkdelt ungdomsskule når dei skal leggje fram framlegg til ny opplæringslov våren 2021. 

– Eg trur nok Guri Melby har sett kor viktig denne retten er for å sikre god språkopplæring gjennom heile barne- og ungdomsskulen, og reknar med ho foreslår dette i den nye opplæringslova, seier Peder Lofnes Hauge. Mållaget har venta i mange år no på ei avklaring her, og kan ikkje sjå ein einaste grunn til fleire utsetjingar.

Frå regjeringa om statsbudsjettet:
11.5 millionar meir til språk i 2021