aktuelt

God jul og godt nytt år

Skrivarstova: Bak frå venstre: Per Henning Arntsen, Erik Grov og Ingar Arnøy. Framme frå venstre: Vemund Knudsen, Frida Pernille Mikkelsen, Peder Lofnes Hauge og Gro Morken Endresen. (Foto: Marit Aakre Tennø)

Noregs Mållag ynskjer alle målfolk, medspelarar og motspelarar ei gledeleg jul.

Dette er det fyrste offisielle bilete frå den nye skrivarstova i Dronningens gate 22. I dag har Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget, vore i Oslo og då var det rette dagen for julelønsj i dei nye kontorlokala.

Dei siste to dagane før jul går med til meir innflyttingsarbeid og blir ikkje vanlege kontordagar. Fram til 2. januar vil skrivarstova ikkje ha ordinær opningstid.

Om det er noko som hastar å få svar på, er det råd å kontakte leiar eller dagleg leiar i Noregs Mållag. Dei har mobiltelefon og les e-post gjennom julehelga. Sjå kontaktinformasjon.