aktuelt

God nynorskpolitikk frå Senterpartiet

– Senterpartiet leverer endå eit solid program for nynorsk og nynorskbrukarane, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Senterpartiet vedtok nytt arbeidsprogram på landsmøtet sitt fyrste helga i juni. Dei ønskjer mellom anna å innføre språkdelte klassar i ungdomsskulen og halde på eigen karakter i sidemål både i ungdomsskulen og på vidaregåande. Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge er nøgd med nynorskpolitikken til partiet.

– Med dette programmet er vi garanterte at Senterpartiet vil bidra til ein sterkare nynorskpolitikk i ei eventuell raudgrøn regjering etter valet. Det er viktig, for mykje tyder på at Senterpartiet gjer eit svært godt val.

I programmet til Senterpartiet er det òg lagt vekt på å auke støtteordningane til litteratur- og mediesektoren, for å sikre eit breitt kulturtilbod til fleire enn bokmålsbrukarane.

– Senterpartiet ser at språk i minoritetsposisjon treng ekstratiltak, og det er bra. Den norske måljamstillinga er heilt avhengig av slike særtiltak for at vilkåra mellom dei to norske skriftspråka skal bli likare.

Peder Lofnes Hauge meiner Sp, SV og Arbeidarpartiet har alle sjansar for å få gjort gode ting for nynorsken om dei kjem i posisjon.

– For fyrste gong viser alle desse partia ei gjennomgåande interesse for å verne om nynorsken på fleire samfunnsområde. Difor har vi noko å sjå fram til om dei skal regjere i lag.

Dette står om nynorsk i arbeidsprogrammet til Senterpartiet:

Nynorsk og bokmål er likestilte målformer i Noreg. Senterpartiet meiner at begge skrifttradisjonane skal sikrast. Dette krev ein særskild innsats for å styrka det nynorske skriftmålet. På ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen skal det vera obligatorisk opplæring i begge målformer med eigen standpunktkarakter og eksamen i både hovud- og sidemål. Yrkesfaga skal framleis vera unntatt sidemål. Det må setjast av tilstrekkelege middel til utviklinga av nynorske læremiddel. Senterpartiet vil gje auka tilskot til kommunar som har store utgifter som følge av regelen om språkdeling. Senterpartiet vil endra opplæringslova slik at også ungdomsskuleelevar får rett til å tilhøyra eiga målformklasse og få undervisning i alle fag på sitt eige hovudmål dersom ti eller fleire elevar på trinnet ønsker eit anna hovudmål enn det den aktuelle skulen brukar.

– Styrka norsk som fagspråk både på nynorsk og bokmål.

– Forsterka dei litteraturpolitiske verkemidla, slik som innkjøpsordningane og stipendordningane. Det må mellom anna setjast av meir middel til innkjøp av sakprosa, innkjøp til skulebibliotek og omsetjingar av populære barnebøker til nynorsk, samisk og kvensk.

Senterpartiet ønsker å stimulera til bevisst og kreativ bruk av det norske språket både skriftleg (bokmål og nynorsk) og munnleg (dialekter).

– Støtta tiltak som bidreg til at brukarane av norsk teiknspråk, nynorsk, dei samiske språka og nasjonale minoritetsspråk har eit godt medie- og kulturtilbod på eigne språk.