aktuelt

God oppslutning om nynorskdagen!

God stemning på skrivarsova 12. mai 2022.

På nynorskdagen 12. mai var det mange som markerte dagen med å skrive nynorsk.

– Denne veka sende me «skriv nynorsk»-penn til alle 210 som brukte emneknaggen #nynorskdagen 12. mai, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Gjennom dagen vart det etter kvart ei lang liste med aktørar og enkeltpersonar som skreiv på nynorsk, på nettsider og sosiale medium. Blant dei var Rema 1000, Telenor, Gjensidige, DNB og Tine, som alle skreiv innlegg på nynorsk denne dagen.

I tillegg var det ei lang rekkje departement, direktorat og statlege etatar som skreiv nynorsk. Olje- og energidepartementet skreiv like gjerne alle pressemeldingane om revidert nasjonalbudsjett, som også vart lagt fram denne dagen, på nynorsk. 

Dessutan var det mange universitet, høgskular, kommunar, fylkeskommunar, forlag og organisasjonar som skreiv nynorsk. Foreningen FRI til dømes delte eit innlegg der dei skreiv: «Fridom kjem alle til gode. Ikkje ta han for gitt.»

Mange lokale mållag markerte også dagen på anna vis. Både i sosiale medium, ved å stå på stand, skrive avisinnlegg, invitere til nynorskkafear og dele ut målpris.

– Takk til alle som har bidrege med å få meir nynorsk i Noreg. Å gjere nynorsken meir synleg betyr mykje for mange, og for dei som ikkje skriv nynorsk til vanleg, vonar vi det gav meirsmak, seier Peder Lofnes Hauge.

Den 12. mai i 1885 vedtok Stortinget at bokmål og nynorsk skulle vere jamstilte språk.

– Det vil vi halde fram med å markere. Noter dagen i kalenderen din, for neste år går vi for endå meir nynorsk!