Godt nynorskprogram frå Arbeidarpartiet

På landsmøtet i helga vedtok Arbeidarpartiet eit program som tek utfordringane for nynorsken på alvor, meiner Noregs Mållag.
I partiprogrammet til Arbeidarpartiet står no dette:
«Norsk språk er under press på mange områder, og Arbeiderpartiet vil styrke språkpolitikken for å sikre at norsk fremdeles skal være et fullverdig og samfunnsbærende språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal være likestilte målformer. Som det minst brukte språket må nynorsk fremmes og sikres gode vilkår, blant annet gjennom å sikre god nynorskkompetanse i lærerutdanningene, forbedre sidemålsundervisningen, sørge for flere digitale læremidler på nynorsk og utrede retten til å gå i egen nynorskklasse gjennom hele grunnskolen.»
Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge takkar programkomitéen.
– Det er alltid somme som gjer ein ekstra innsats i framkant av slike vedtak. Både programkomitéen og Sølvi Ona Gjul, som også er medlem i Rennesøy Mållag og har gjort ein god jobb for å lyfte språksaka, fortener ros for innsatsen sin.
Peder Lofnes Hauge meiner programmet markerer eit aldri så lite taktskifte frå Arbeidarpartiet.
– Dette er ei meir nynorskvenleg utgåve av Arbeidarpartiet enn vi har sett tidlegare. Eg vonar no òg partiet gjer det gode programmet til politikk om dei kjem i regjering til hausten.