aktuelt

Godt nynorskvedtak i Telemark

Telemark fylkesting har med solid fleirtal vedteke at Telemark fylkeskommune skal bruke minst 40 prosent nynorsk.

Det tyder at nynorsken blir godt synleg i pressemeldingar, stillingslysingar, saksutgreiingar og ikkje minst på nettsidene i fylkeskommunen.

– Telemark fylke er både nynorsk og bokmål. Då var det viktig at fylkestinget vedtok eit kompromiss for begge dei to skriftspråka, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Etter at fylkesdirektøren tidlegare i vinter foreslo ein nynorskdel på berre 25 prosent, har Telemark
Mållag og Noregs Mållag hatt ein god dialog med dei politiske partia.

– Me opplever at politikarane har lytta, og tatt våre argument på alvor. Det er og eit sunt teikn ved
folkestyret at eit språkleg fleirtal gjev rettar til eit mindretal, slik Telemark fylkesting gjer, seier Einar
Søreide, leiar i Telemark Mållag.

Fylkesdirektøren hadde gjort framlegg om at Telemark skulle vere språkleg nøytral og ha 25 prosent nynorsk i ålment tilgjengelege dokument. I fylkestinget røysta 28 for å auke nynorskdelen til minst 40 prosent, medan 13 frå FrP og Høgre røysta for eige framlegg om minst 25 prosent nynorsk. Det er altså solid fleirtal for å gje stor plass til nynorsken i nye Telemark fylke. I tillegg var heile fylkestinget samde om at fylkesdirektøren kvart år skal gje rapport om oppfølginga av språkvedtaket til fylkestinget.

Telemark har ein lang tradisjon for nynorsk i skulen, i kyrkja, i fylkeskommunen og kommunane, og i litteratur og songtradisjonen, for å nemne noko. I dag er det nær 1700 nynorskelevar i grunnskulen fordelt på ni kommunar. Det er åtte nynorskkommunar i Telemark, noko som utgjer 47 prosent av kommunane i fylket.

Språklova pålegg det offentlege å ta eit særskilt ansvar for å fremje og styrkje nynorsk, som det minst brukte norske skriftspråket. Å vere språkleg nøytral må bety reell jamstilling mellom dei to skriftspråka.

Aktiv språkpolitikk som det Telemark her har vedteke, gjer Telemark til eit godt føredøme for til dømes Agder, Buskerud og Innlandet, som også har deling mellom nynorsk og bokmål.

– Me er glade for sjå at fylkestingspolitikarane har gitt nynorsken godt med plass i nye Telemark fylke, seier Peder Lofnes Hauge.