aktuelt

Godt nytt for nynorsken!

Stortinget har gjort vedtak om at Riksrevisjonen skal veksle mellom å skrive nynorsk og bokmål og skal bruke minst 25 prosent av begge skriftspråka.

– Dette er svært gledeleg for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Riksrevisjonen er ein sentral samfunnsaktør som kontrollorganet til Stortinget. Kvart år legg Riksrevisjonen fram fleire titals rapportar om korleis regjeringa og statsforvaltinga gjer jobben sin. Desse tekstane er igjen utgangspunkt for aktuelle samfunnsdebattar. 

– Riksrevisjonen har eit viktig samfunnsoppdrag og har dermed også eit viktig informasjonsoppdrag både til innbyggjarane, statleg forvalting og til pressa. Det er difor svært bra at Riksrevisjonen frå no av skal både kontrollere, skrive rapportar og bli siterte på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.