aktuelt

Google kjem på nynorsk!

Foto: Kristianne Marøy

Google har denne veka stadfesta at dei vil følgje den nye opplæringslova og tilby skriveprogram på nynorsk.  

– Dette er ein stor siger for elevane og alle som skriv nynorsk i Noreg. Nynorsk vinn fram som kvardagsspråk for alle, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, og Sebastian Natvik, påtroppande leiar i Norsk Målungdom.

– Når norske styresmakter stiller tydelege språkkrav, så må også multinasjonale storkonsern rette seg etter lova. 

Nesten éin av fire grunnskular bruker i dag mest skriveprogrammet frå Google til skulearbeid.  Det har vore heilt uforsvarleg, og Noregs Mållag og Norsk Målungdom har lenge åtvara sterkt imot denne opplæringssituasjonen.

– Ein heil generasjon elevar har gått gjennom grunnskulen utan nynorsk skriveprogram. Det seier sitt om kor viktig det var at Stortinget endeleg sette ned foten og no krev at skriveprogram i skulen skal vere på både nynorsk og bokmål, slår Peder Lofnes Hauge fast.

– Vi forventar no at Google frå skulestart har eit fullgodt tilbod på både nynorsk og bokmål som følgjer offisiell norsk rettskriving, slik som opplæringslova pålegg dei, seier Sebastian Natvik. 

Mållaget og Målungdomen vonar at Google nyttar dette høvet til å tilby nynorsk i alle produkta sine.