aktuelt

Google si nynorske mordliste

– Vi lever i ei ny dansketid – der makta over det norske språket igjen ligg i utlandet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

«Du kan fint leva med nynorsk, men ikkje av det» skriv gründer Kristin Lemme i BT, torsdag 14. januar. Ho driv ein nettbutikk som sel arbeidskle for kvinner – og har sett seg nøydd til å byte til bokmål for å nå ut til kundane sine.

Peder Lofnes Hauge har vore på NRK Vestlandsrevyen og om korleis algoritmane til Google gjer det krevjande å vere nynorskbrukar på internett: https://www.facebook.com/noregsmallag/videos/3393472047445706

– Vi lever i ei ny dansketid – der makta over det norske språket igjen ligg i utlandet. Multinasjonale teknologigigantar er den nye kongemakta i København.

– Eg håpar Abid Q. Raja vil ta eit initiativ overfor Google. Stortinget skal denne våren handsame ny språklov, som skal sikre norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Det første dei bør finne ut er korleis dei kan ta makta over det norske språket frå California og tilbake til nasjonalforsamlinga.

Stiller spørmål til kulturministeren
Stortingsrepresentantane for Venstre, Carl-Erik Grimstad og Terje Breivik kjem til å spørje nettopp kulturminister Abid Q. Raja kva han kan gjere med saka.

Dette er det skriftlege spørsmålet Carl-Erik Grimstad stiller:
«Kva har regjeringa tenk å gjere for å leggje til rette for at næringsverksemder som sel varer på nett framleis kan nytte nynorsk i si marknadsføring utan å miste treff på nettet? Ser statsråden føre seg å kontakte Google Noreg om denne saka?

Grunngjeving: Regjeringa i Noreg har lagt grunnlaget for- og støtta alle slag databasar for oppslag på og omsetjing av ord innan bokmål og nynorsk for dei store it-verksemdene. Den 14. januar vart det på NRK-nyheiter og i avisa Hordaland lagt fram ei sak der ei verksemd på Voss, Flor, som selde klede for arbeidsplassen, ikkje kom opp i søk på Google og at dei difor så seg tvungne til å skifta over til bokmål på si nettside.»

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, har skrive eit debattinnlegg om saka i Bergens Tidende: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/2d9rX4/google-si-nynorske-mordliste