Grunnlovfest norsk språk
Når engelsken tek over, må Grunnlova sikra språket vårt.
Over 200 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov, er det framleis ikkje grunnlovfesta at norsk skal vera nasjonalt hovudspråk i Noreg.
I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. 148 av landa i verda har grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk.
I juni 2024 leverte leiar i Løvebakken Mållag, Sveinung Rotevatn (V), eit nytt framlegg til Grunnlova på vegner av representantar frå nesten alle stortingsparti: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»
Kva skjer no?
Kontroll- og konsitusjonskomiteen har lagt tidsplanen for å handsame paragraf 120b i Grunnlova: https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Saker/Sak/?p=99386
Lenkje til det faktiske grunnlovforslaget:
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Grunnlovsforslag/2023-2024/dok12-202324-004/?all=true
Lenkje til skriftleg høyring (frist 17. november):
https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Horing/skriv-skriftlig-innspill/?h=10005995