Færre nynorskelevar, men endå færre bokmålselevar
Ein nedgang i elevtal over heile landet er hovudforklaringa på nedgangen i nynorskelevar frå 2023 til 2024. I tal elevar er nedgangen større for bokmål enn nynorsk.
Kvart år kjem Utdanningsdirektoratet med oversikt (GSI) over kor mange elevar i grunnskulen som har nynorsk eller bokmål som hovudmål. Tala for skuleåret 2024/2025 er no klare.
Det er færre elevar i grunnskulen i Noreg. Det har også noko å seie når vi ser på kor mange elevar som har bokmål eller nynorsk i skulen. Sidan førre år har talet på nynorskelevar gått tilbake med 1609 elevar. Medan det samstundes har blitt heile 4206 færre bokmålselevar. Nedgang totalt er 5815 færre elevar dette skuleåret enn førre skuleår.
– Tala viser i stor grad det me veit frå før om stoda for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Det er stabilt der han står sterkt og der nynorsken er under press, ser vi eit sakte skifte til bokmål, seier Peder Lofnes Hauge.
Nynorsken står sterkast i distrikts-Noreg, der det også vert færre elevar. Det er altså ikkje elevar som vel vekk nynorsken. Det er rett og slett færre elevar. Det er mykje av forklaringa av at det er nedgang i tal nynorskelevar i alle fylke.
Målbyte frå barneskule til ungdomsskule
Samtidig er nynorsken under sterkt press frå bokmål rundt Bergen og deler av Rogaland, for å ta nokre døme. Den mest folkerike nynorskkommunen i Noreg, Øygarden kommune, like utanfor Bergen er eit tydeleg døme. Der er det fleire nynorskelevar enn bokmålselevar som starta i haust. Likevel i overgangen frå 7. klasse i barneskulen til ungdomsskulen vart det 167 elevar som bytte frå nynorsk til bokmål. Eit anna døme er Strand kommune i Ryfylke der nynorskdelen har halde seg stabil siste åra. Frå i fjor til i år ser vi ein nedgang, der mykje av forklaringa er språkskifte frå barneskulen til ungdomsskulen.
– I språkdelte område vert retten til å få opplæring på eige språk i eiga klasse ut ungdomsskulen svært viktig. Retten er der gjennom opplæringslova, og no vert det viktig å sikre at det vert ein reell rett til betre språkopplæring for nynorskelevane, seier Peder Lofnes Hauge.
Interessante tal for Agder
Agder har også nedgang på elevar. Her syner det seg likevel at nynorsken held langt betre stand enn bokmål. Nedgangen på bokmålselevar er 525 elevar, medan det er 3 færre nynorskelevar. I Evje og Hornnes kommune er det auke på 11 nynorskelevar, samtidig som det vert 40 færre bokmålselevar.
Kommunane med størst elevtal
Reknar vi med elevane som går på private skular, er det sju kommunar med over 2000 nynorskelevar. Det er framleis Bjørnafjorden kommune som har flest nynorskelevar i Noreg. Dei har 3 167 nynorskelevar. På 2. plass er Alver med 2 956 elevar, 3. plass har Sunnfjord kommune med 2 876 nynorskelevar, 4. plass er Hå kommune med 2 818 nynorskelevar, 5. plass er Stord kommune med 2 581 nynorskelevar, 6. plass er Time kommune med 2 494 nynorskelevar og 7. plass er Øygarden med 2 094 nynorskelevar.
– Vi veit mykje om språkbyte i skulen og vi veit også at det er mogleg å setje i gong tiltak som gjer at elevane held på eige skriftspråk, seier Peder Lofnes Hauge.
Språkrådet fekk utarbeidd ein eigen rapport om språkbyte i 2022. Der vert det peika på fleire viktige tiltak i og rundt skulen: https://sprakradet.no/wp-content/uploads/rapport-om-sprakbyte-2022.pdf