aktuelt

Gunnar Ottne til minne

Gunnar Ottne blir intervjua under Nynorskstafetten i Sarpsborg i 2013. Han snakkar om den nye dialektordboka som Sarpsborg Mållag skal gje ut. Foto: Noregs Mållag

Natt til 8. januar 2023 døydde Gunnar Ottne på Halden helsehus. Han vart 81 år gamal.

Gunnar vart fødd 8. juli 1941 i Sarpsborg. Heile livet var han sterkt knytt til heimbyen. Han var byrg av arbeidarmiljøet der, og det kom til å setje preg på måten han såg på saker og ting seinare i livet. Far hans var skulemann, med politisk engasjement, og denne farsarven lyfte Gunnar fram. Gunnar tok seg òg mykje av mor si Dagny, like til ho døydde i 2009. Gunnar var einebarn og gifta seg aldri.

Studiedagane hadde Gunnar i Bergen. Der tok han hovudfag, og emnet hans var bøkene til telemarkingen Vetle Vislie. Gunnar var 68-ar, sosialismen var eit heitt tema, og han kom til å kaste seg inn i lagsliv og meiningsbryting med liv og lyst. Gunnar var tidleg modig i diskusjonane og sparte seg ikkje. Han var i alle år frittalande, kvass og spanande å høyra på når han greip ordet. Gunnar var raus andsynes folk han var usamde med. 

Målarbeid mellom ungdomen vart ei hovudsak for Gunnar, og det heldt han i grunnen på livet ut. Han fór ikring på Vestlandet på moped og skipa Norsk Student- og Elevmållag  der han kom og fekk samla ungdom. Han vart ein reisande i målsak, ein raud tråd i livet hans. 

Gunnar fekk mange år med lærargjerning på ymse stader i Noreg: Hjelmeland, Kjøllefjord, Hof i Vestfold, Børresen skule i Drammen og ikkje minst ein lang bolk i Hurdal. I det heile låg skulesaker Gunnar sterkt på hjartet. Som austlending og målmann evna han å bryte ned fordomar og vanetenking som at nynorsk ikkje høver allstad. 

Fotball og bryting var òg viktig for honom. Han var fotballdomar mesteparten av livet, vyrd og lett på foten, og han var instruktør og skipa kurs i fotballdøming. Han fekk òg prisar for idrettsarbeidet sitt.

Målpolitisk stod Gunnar midt i rørsla. Det var ikkje så lett å setje merkelappar på han. Han rekna seg nok korkje for «samnorsk» eller «høgnorsk». Tyskfilologen i han sette pris på reglar og system, og han hadde sans for arbeidet til Arvid Langeland, endå han ikkje valde plent dei same formene som stod i den normalen. Han kom likevel til å stå målungdomen og høgnorskingane nær i mange år. Han tykte nok desse ungdomane var vel «fanatiske» og «sekteriske» stundom, men i tider då vaksne målfolk uroa seg for målsynet som rådde mellom dei unge, heldt Gunnar fram med kontakten, rettleidde og diskuterte. Det var verdfullt og viktig.

Gunnar var ein raud målmann og førte på ymse vis vidare lina frå Olaus Fjørtoft, Per Sivle og Torolv Solheim, for berre å nemna nokre viktige namn på den kanten.  

Gunnar Ottne sat to år i styret i Noregs Mållag i 1998 og 1999. Det var likevel Noregs Lærarmållag som var ei hovudsatsing for Gunnar innanfor målrørsla. Han var med i andre lag òg: Øvre Romerike Mållag, Drammen og Eiker Mållag, Buskerud Mållag, Østfold Mållag og Sarpsborg Mållag. I 2013 då Noregs Mållag og Norsk Målungdom la ut på eit år med Nynorskstafett, var Gunnar Ottne ein av dei som var velkomstkomite i Sarpsborg, og vart intervjua i både avis og TV. Gunnar var ei drivande kraft i Lærarmållaget. Der samarbeidde han òg tett med studiekameraten og venen Anders Eikenes. Gjennom mange, mange år var Gunnar utsending frå Lærarmållaget på landsmøta i Noregs Mållag. Det er mange som kan hugse dei imponerande presise, effektive og klåre målpolitiske innlegga til Gunnar, som til overmål alltid heldt taletida på sekundet.

Vi minnest Gunnar Ottne, livet hans og arbeidet hans, i vyrdnad og takksemd.

Peder Lofnes Hauge