aktuelt

Haakon Aase til minne

Haakon Aase (Foto: Noregs Mållag)

Haakon Aase (1949-2024) kom frå Litlebergen i Meland. Her tok tippoldefaren imot Ivar Aasen på ei av innsamlingsreisene hans og let han bu der i heile ni månader. Dette opphavet var med på å forma Haakon Aase til å bli ein aktiv målmann.

Han tok cand.mag-grad ved Universitetet i Bergen, og som med mange andre unge vaksne i hans generasjon, forma det politiske engasjementet livet hans. Han gjekk inn i AKP-ml, og frå 1974 til 2000 arbeidde han i verkstadindustrien, den lengste tida som platearbeidar/skipsbyggjar ved Laksevåg Verft i Bergen. I same periode var han aktiv i Norsk jern- og metallarbeidarforbund og Fellesforbundet, og han var klubbleiar ved Laksevåg Verft i sju år. Han representerte RV i Hordaland fylkesting i to periodar, RV i Meland kommunestyre i ein periode og Samarbeidslista i Meland kommunestyre ein periode. 

Haakon arbeidde også med arbeidsførebuande opplæring for ungdom og som bustadplanleggjar og prosjektleiar i Meland kommune. I godt vaksen alder starta han si eiga verksemd som tørrmurar, og dei siste åra har han blitt nasjonalt kjend både gjennom boka til dottera Kjersti Aase Winjum, «Mur, far og dotter», og TV-programmet «Praktisk info med Jon Almaas».

På 70-talet var Haakon Aase ein del av eit ungt, driftig målmiljø i Bergen. På den tida vaks det fram skarpe ideologiske ordskifte i Norsk Målungdom og Norges Mållag om kva målsyn og strategi som skulle vinna fram i målstriden. Her kom Haakon til å få ei sentral rolle. Han skreiv ein tekst i 1974, og ideane i denne, vart heilt sentrale i ordskiftet og viktige for det endelege vedtaket av prinsipprogrammet til Noregs Mållag i 1976.

Saman med familien flytta Haakon Aase heim til Litlebergen på midten av 90-talet. I 1997 var han og kona Kristine med og skipa songkoret «Måltrastena», Meland Mållag sitt eige songkor. Han var songar og ho songar og dirigent. I 27 år song Haakon i koret, og han var også med på den siste øvinga deira. 

Haakon Aase kom med i styret i Meland Mållag i 2008, og i 2012 tok han over som leiar, eit verv han heldt heilt fram til han døydde. Meland Mållag har vore eit godt drive og viktig lag i Hordaland Mållag. Laget og Haakon Aase har teke kampane for nynorsken både i kommunen, barnehage, skulen, kulturlivet og i vaksenopplæringa, for å nemna noko. 

I juni 2014, som ein del av 200-årsmarkeringa for Grunnlova, var han vertskap for ei høgtideleg avduking av Ivar Aasen-bysten i Meland. Det var Haakon Aase som tok initiativet og stod i spissen for arbeidet med å realisera prosjektet. 

I 2020 fekk Haakon Aase den aller fyrste kulturprisen som Alver kommune delte ut. Han fekk kulturprisen for restaurering og vøling av gamalt murverk i tørrmuring, for nybygg og overføring av kunnskap om faget til nye handverkarar, for lang og viktig innsats for Mållaget, i musikklivet og for innsatsen for å ta vare på huset etter folkeminnesamlar, diktar, målmann, spelemann, bonde og bibliotekar, Elias Mjåtveit. 

Haakon Aase vart også styremedlem, og deretter fyrste varamedlem, i Noregs Mållag og møtte i styret frå 2014 til 2018. På styremøta fekk ein tydeleg merka ideologen Haakon Aase. Han hadde meiningar om både strategi og målpolitikk, og det sa han klart ifrå om. Samstundes var han også eit varmt og engasjert menneske. Han var god å møta og å prata med.

I arbeidet med å laga tørrmurar har Haakon Aase forklart korleis muraren må sjå an alle steinane for å finna dei som passar i hop. Då lyt ein gjerne studere steinane frå fleire kantar før ein finn fram til den beste løysinga. Denne arbeidsmetoden, og måten å møta omgjevnadene sine på, kan me også kjenna att frå arbeidet Haakon gjorde i målrørsla. Han hadde evna til å få folk til å arbeida saman, og kunne kombinera politisk strategi og kunnskap med praktisk arbeid. Gjerne med musikk, kultur og glimt i auget attåt. Takk for at me fekk lov til å vera på laget ditt, Haakon. 

Linda Økland Kinsarvik, fungerande leiar i Meland Mållag
Ane Landøy, leiar i Hordaland Mållag
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag