aktuelt

Har du eit prosjekt i ermet?

Noregs Mållag har 400 000 ekstra til utdeling i år!

Noregs Mållag skal i 2024 dela ut 400 000 kroner frå Akademifondet til tiltak innanfor folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Både enkeltmedlemer, lokallag og fylkeslag i Noregs Mållag kan søkja. Får vi (for) mange gode søknader, vil styret vurdera å avgrensa tildelingssum per prosjekt til maks 100 000 kroner.

Søknaden må innehalda både plan for prosjektet og budsjett. Send søknad med all informasjon til gro.morken@nm.no. Får de tildelt støtte, må de etter gjennomføring senda inn rapport med rekneskap for prosjektet.


Søknadsfristen er 31. mars 2024. Handsaminga og tildelinga skjer i april. 

Om Akademifondet
Akademifondet til framhjelp for norsk kulturreising blei oppretta som ei sjølveigande stifting etter at Rauland Folkehøgskule og Akademi blei lagt ned i 1988. Det var dei tre organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Folkehøgskuleforbundet som skipa skulen i 1973, og det var idégrunnlaget til desse organisasjonane som prega miljøet og drifta ved skulen.

Skulen blei raskt eit kultursenter i Raulandsbygda, særleg etter at Akademidelen fekk linjer for folkekunst. Når skulen blei lagt ned gjekk bygningane over til Raulandsakademiet AS, og folkekunstutdanninga heldt fram som del av Høgskulen i Telemark, no Universitetet i Søraust-Noreg. Her kom det seinare eit studietilbod i folkemusikk, og frå 2024 kjem det studietilbod i folkedans. På dette viset er Akademiet framleis ein viktig kulturfaktor i Rauland.

Frå statuttane for Akademifondet:

§5: Utdeling frå fondet
Akademifondet skal gje støtte til tiltak innan t.d. folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Så vel privatpersonar som lag, organisasjonar og institusjonar kan søkje om utdeling frå fondet.

Fondet kan på eige initiativ gje påskjønning til personar, lag, organisasjonar og institusjonar som fondsstyret meiner har gjort eit verdifullt arbeid.

Søkjaran skal leggje fram planar og budsjett. Fondet skal krevje rekneskap og rapport. Midlane kan krevjast attende dersom tiltak ikkje vert gjennomført eller midlane bevisleg har vore nytta til anna enn føresett.

§6: Søknadsfrist og utdelingstidspunkt
Søknadsfristen er 31.3 kvart år. Utdeling frå fondet skjer ved ei høveleg tilskiping i ein av dei tre organisasjonane til dømes årsmøtet.