aktuelt

Nye idear i nytt program

Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag

Arbeidsprogramnemnda har laga framlegg til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag. No er framlegget ute på høyring i organisasjonen, og diskusjonane er allereie godt i gang.

– Vi har ynskja å lage eit arbeidsprogram med mange konkrete tiltak, og eit program som er godt å jobbe etter. Vi har plukka ut fem arbeidsfelt som vi meiner bør vere særleg prioriterte i komande periode, fortel Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag, og leiar i arbeidsprogramnemnda.

– Dei fem felta er gjennomføring av språklova, digitalisering og språkteknologi, ny opplæringslov, lærar- og barnehagelærarutdanningane og organisasjon. Dei fire fyrste prioriterte sakene er kvar for seg svært viktige for nynorskbrukarane og utviklinga for nynorsk språk, seier Synnøve Marie Sætre. 

– Det vert også særleg viktig å prioritere organisasjonen framover. Trass i pandemien har me fått mange nye medlemer, men me må også jobbe for å få opp att aktiviteten etter ein lang periode der det har vore vanskeleg å møtast, seier Synnøve Marie Sætre.

Så alt i det nye arbeidsprogrammet handlar ikkje om nynorsk og kongehuset?

– No er jo berre dette eitt av veldig mange punkt, men vi har tenkt å at vi har lyst til å lage eit ambisiøst program, og vi meiner at vi kan sikte litt høgt. Vi må vere litt spenstige om politikken vår skal utvikle seg vidare. Som ein stor og viktig tekstprodusent og som ein offentleg, nasjonal institusjon, bør også kongehuset ta språkleg ansvar for nynorsken – i tråd med det som er offisiell språkpolitikk frå styresmaktene, seier Sætre

– Framlegget handlar ikkje om å påleggje kongen å snakke på ein bestemt måte, men å lese opp ein tekst kan like gjerne gjerast på nynorsk som på bokmål. Trontalen vert til dømes omtala som ei opplesing, seier Sætre.

Ho legg vekt på at organisasjon no får rikeleg med høve til å seie kva dei meiner, både til nemnda og til styret, og ho håper på gode diskusjonar om heile programmet og ein god prosess fram mot landsmøtet.

– Til slutt er det landsmøtet vårt i april som vedtek politikken vår og kva vi skal jobbe for, seier ho.

Fem prioriterte saker i framlegget til nytt arbeidsprogram:  

• Gjennomføring av språklova
Gjennomføringa av føremålsparagrafen i den nye språklova er svært viktig å følgje opp framover. Formuleringane i paragrafen har potensial for ein meir offensiv språkpolitikk.

• Digitalisering og språkteknologi
Utviklinga av språkteknologisk programvare, læringsverktøy, læremiddel og anna programvare har i aukande grad innverknad på språktilhøva i Noreg. Om staten ikkje grip inn, vil denne utviklinga i stor grad vere styrt av internasjonale selskap utan ansvar for den norske språksituasjonen. Politisk press på dei store selskapa og på dei store prosjekta som skal arbeida med språkteknologi i Noreg, er viktig.

• Ny opplæringslov
Noregs Mållag fekk viktige gjennomslag i framlegget til ny opplæringslov. Særleg er språkdelt ungdomsskule ein viktig siger. Fram til den nye opplæringslova er vedteken og sett i kraft, må arbeidet for å få gjennomslag for fleire av krava våre, særleg krava til digitale læremiddel, digitale læringsplattformer og kontorstøtteprogram, vere høgt prioritert.

• Lærar- og barnehagelærarutdanningane
I dag er det ulik praksis for å gje nynorskopplæring i lærarutdanningane på dei ulike utdanningsinstitusjonane. Lærarutdanninga må gjere framtidige lærarar kompetente til å undervise på og i nynorsk, og barnehagelærarutdanninga må gjere barnehagelærarane i stand til å førebu borna på å bli nynorskelevar. Staten og utdanningsinstitusjonane må ta større ansvar for å oppnå dette.

• Organisasjon
Noregs Mållag har auka medlemstalet med 3689 sidan 2012. Me må vere i stand til vidare auke i medlemstal og få fleire aktive medlemer og lag. Ein større og sterkare organisasjon gjer det mogeleg å sikte høgare og nå meir ambisiøse mål. Det er eit sjølvstendig mål å ha ein så sterk organisasjon som mogeleg. Det er òg viktig for å ha større politisk gjennomslag.

Send innspel og endringsframlegg til framlegg@nm.no.

Les utkast til arbeidsprogram for Noregs Mållag 2022-2026