Heilt katastrofe – eller braksuksess?
Forfattar Anders Totland har hovudet fullt av påfunn, og kalenderen full av planar. I haust kjem hans mest ambisiøse prosjekt til no: Katastrofedagbøkene.
Tekst og bilete: Jógvan Helge Gardar
Lenge før eg kjem fram til Valen, har Anders Totland skissert korleis denne dagen skal gå. Ikkje eigentleg til meg, for me har ikkje diskutert noko på førehand, men til fylgjarane sine på Facebook. Eit godt dryss med likarklikk og kommentarar er dagens tilskot til PR-maskineriet. For ikkje berre er Totland ein av landets mest produktive forfattarar, han er òg blant dei som gjer mest for å byggja merkevara si, og for å skapa blest om utgjevingane sine. Oppdateringane på Facebook, der han har samla tusenvis av fylgjarar, er berre ein liten del av heilskapen.
Totland serverer kaffi i eit lite drivhus i hagen. Utsynet er til Halsnøy, Stord, og langt bakom, til Bømlo, der Totland vaks opp. Eg er komen til Valen for å høyra om eitt av fleire prosjekt han har gåande om dagen, men eg merkar fort at eg skal få veta litt om mangt slag. Før eg fer frå Valen, skal eg få ei heil innføring i soga til staden og folka som bur der, om badstova nede ved fjorden og om biene Totland røktar i lag med ein granne, og eg skal jamvel få ein tur på fjorden.
Energinivået er høgt og planane mange, men hovudsaka er denne: I haust kjem Anders Totland med fire bøker i ein ny serie på Samlaget: Katastrofedagbøkene. Sjølv kallar han det tidenes enkeltståande satsing for barn, før han tenkjer seg om og legg til:
– I alle fall for min del.

Ein dristig freistnad
Dei fire bøkene blir startskotet for serien som er meint for barn frå seks år og oppover. Men får Totland det som han vil, kjem det mange fleire, ja, kanskje fleire titals bøker.
– Eigentleg har eg tenkt at eg ikkje hadde lyst til å laga seriar, seier Totland. – Men så kom eg til eit punkt der eg las ein del seriebøker for barn og ungdom. Då tenkte eg at det er noko deilig med å berre vera i ei verd over lang tid, og ikkje minst veit eg at ungane set pris på å finna eit litterært univers som dei ikkje må gje slepp på. For meg er det ei gåve å ha eit bokprosjektet der eg kan putta inn alle idear og påfunn og sprell som kjem til meg.
Så serie blir det. Fyrst ut er dei to bøkene Hamstertrøbbel og Skandale i skitrekket. Båe handlar dei om Samson på ni år som hamnar i trøbbel rett som det er, men som modig freistar å gjera det godt att. I lag med venninna Alva og eit galleri av andre gjengangarar, kjem Samson ut i uføre av både det komiske og det vanskelege slaget. Seinare i haust kjem to bøker til, og alle er dei illustrerte av Bård Sletvold Torkildsen.
For Totland er det nytt å skriva for dei yngste skuleungane. Tidlegare har han handsama mange vanskelege tema i bøkene sine, men denne gongen er tonen lettare.
– Dette skal vera eit barneunivers. Eg skal gje noko til ungane som gjer at dei kan kjenna seg heime. Temaa frå dei brutale ungdomsromanane eg har skrive ville eg ikkje ha med her. Men når seriekonseptet er at det blir katastrofe heile tida, då kan figurane bli utsette for ganske alvorlege ting, så lenge det løyser seg før boka er slutt.
Inspirasjon er overalt
Totland fortel at prosjektet har vore gjennom stadium som både biletbok og lyddrama, men at serieformatet allereie har vore produktivt for han. Frå den fyrste forteljinga om hamsteren Svein Arild (som viser seg å vera ei ho), har han grave vidare i universet etter meir stoff, og kan avsløra at han har funne ein heil del:
–Eg har aldri plotta ei bok i heile mitt liv, men her byrja eg å skriva ned korte synopsisar. Medan eg køyrde rundt i landet frå skule til skule brukte eg kvart einaste ledige minutt til å tenkja på kva som skulle skje i neste historie. Og så er dette eit univers der alt skjer kronologisk, for eg ville at lesarane og lyttarane skal kjenna att ting som har skjedd tidlegare i forteljingane. Du skal ha noko å tena på å fylgja med heile vegen, og du skal føla deg smart når du kjenner att element i historia medan dei blir eldre.
Totland kan fortelja at det nye universet kjem i kontakt med fleire av bøkene han har skrive tidlegare, både Engel i snøen (2016), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Der han tidlegare har insistert på å finna på sitt eige, har han også byrja å henta inn forslag frå dei han møter langs vegen.
– Eg har vitja over 3.500 skuleklassar dei siste ti åra, og no har eg bikka 100.000 elevar. Heile tida har det kome elevar til meg med framlegg og idear, og tidlegare har det vore heilt uaktuelt, men her er det så kjærkome at folk fortel om pinlege historier og flaue episodar. No har eg byrja å putta slike ting rett inn anten som ein viktig del av forteljinga, eller som noko som blir nemnt i forbifarten.

Seriemangel
Sjølv om Totland ikkje fyrst og fremst grunngjev prosjektet sitt målpolitisk, er det openbert at han har ramma tidsånda. Han peikar på det same fenomenet som Arild Torvund Olsen skildra tidlegare i år i ein artikkel i tidsskriftet Periskop: Barn sluker serielitteratur, men dei aller fleste seriar kjem ut på bokmål. Jamvel fleire forfattarar som elles skriv nynorsk, har lenge gjeve ut serielitteraturen sin på bokmål. Grunngjevinga, meiner både Olsen og Totland, er å finna i marknadsgrunnlaget, men òg i korleis dei statlege innkjøpsordningane fungerer.
– Innkjøpsordningane er eit heilt fantastisk litteraturpolitisk verkemiddel, seier Totland. – Men for dei av oss som kokar over av idéar og skrivetrong, kan dei òg vera eit hinder.
Hinderet er dette: Kvar forfattar har høve til å melde på éi bok i kvar kategori i året. Har ein allereie ei bok på innkjøpsordninga for barn og unge i år, må alle andre titlar venta til neste år, om dei også skal meldast på innkjøpsordninga. I år, og i åra framover, har Totland ein annan serie påmeld innkjøpsordninga for barn og unge, nemleg Undergang-bøkene på Vigmostad & Bjørke. Men sjølv om Undergang-serien ikkje skulle på ordninga, ville det berre vore plass til éi av Katastrofedagbøkene i året.
– No gjev me ut fire bøker på ein gong, og ingen av dei skal på innkjøpsordninga. Alle desse titlane me planlegg no trur eg gjev raude tal både hjå meg og Samlaget i byrjinga, men med ei von om svarte tal etter kvart. Då er me heilt avhengige av at bøkene sel godt i butikk. Per no kostar det meg mykje arbeidstid, men det gjev meg mykje glede, og eg har tru på prosjektet på sikt. Eg tenkjer at om ein som lever såpass godt av litteraturen og har gjort det dei siste ti åra, om ikkje ein i min posisjon kan ta dette lyftet, kven skal då gjera det? I Noreg er me ganske få som kunne gjort det utan å risikera for mykje, med tanke på produksjon og økonomi.
Men Totland er også tydeleg på at idealismen ikkje strekkjer seg uendeleg langt.
– Det er den kjipe sida av det, men eg har tenkt å vera heilt open om det: Dette er eit prøveprosjekt for min del. Eg har lyst til å skriva serielitteratur for barn. Eg har lyst til å bidra til å opne verda for store leseopplevingar. Då meiner eg ikkje nødvendigvis at bøkene mine er den store leseopplevinga, men kanskje den boka ungane les etterpå kan vera det. Men det er òg ein realisme i dette. Fleire forfattarar som elles skriv nynorsk, har gjeve ut serielitteraturen sin på bokmål, og grunnen til det er openberr. Og om Katastrofedagbøkene til slutt blir stansa fordi dei ikkje er lønsame, då kjem eg til å skriva serielitteratur for barn på bokmål. Det er andre forlag som har vore interesserte i eit slikt samarbeid.

Klar for nye turnéar
Uansett kva bokprosjekt Totland driv med, utgjer skrivinga berre ein liten del av det totale tidsbudsjettet.
– Eg brukar kanskje meir tid på marknadsføring, det eg likar å kalla tull og fjas, enn eg gjer på å skriva. Om me tek med den tida eg brukar på aktiv formidling ute blant publikum, er eg nok nede i at eg brukar ein femtedel av tida mi på skrivinga.
Medan han viser meg rundt, matar kaninane og ser til biene, fortel han vidare om alle vyane for det nye prosjektet. Idéane er så mange at ein godt forstår kvifor Totland alltid har halde seg med fleire forlag.
For to år sidan kjøpte han ein raud Volvo 245 DL 1979-modell ved eit innfall, fordi same bilen prydde omslaget på romanen Til døden skil oss. Straks var planen klar: Å køyra 400 mil og vitja 200 bokhandlarar for å promotera boka.
– Då såg Samlaget kva eg var villig til å gjera for prosjektet vårt, så dei sette av ein person til å ordna logistikken til turen. Alle bøker er jo eit samarbeid mellom forlag og forfattar, og sjølv om eg ikkje hadde bede om det, sa dei at slik innsats måtte dei matcha. Og kvar gong det skjer slike ting, tenkjer eg: «Dei er ikkje leie av meg enno.»
Attåt dei fysiske utgåvene kjem Katastrofedagbøkene også som lydbøker med lydeffektar og musikk, og med røysta til Frank Kjosås i midten.
– Slik skal dei bli akkurat så morosame og spennande som lyttarane fortener. Går det som eg har tenkt, blir dei populære i alle strøymetenestene – der ungane sjølv kan velja kva dei vil lytta til. Når Frank les inn nynorsktekstane mine, er det ingen som bryr seg om at dei ikkje er på bokmål. Kanskje oppdagar ungane etter kvart at det finst fleire bøker i butikken, og plutseleg når desse bøkene også ut i bokmålsland.
I oppkøyrsla på Valen står ikkje lenger ein Volvo frå 70-talet, men Totland kan avsløra at han og forlaget har store planar også no, når dei rullar ut Katastrofedagbøkene til ungar over heile landet. Kor store? Ein må nesten berre venta og sjå.

Anders Totland (f. 1986) er forfattar, journalist, kokk og kyrkjeorganist opphavleg frå Bømlo, no busett på Valen i Kvinnherad. Totland debuterte i 2015 med barneboka Vampyrane i eplehagen og har gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdommar og vaksne.