aktuelt

Helseplattforma på nynorsk

Foto: Kristianne Marøy

Helse Midt-Noreg er i ferd med å innføre Helseplattforma utan at den er tilgjengeleg på nynorsk. Helseføretaka er underlagt språklova og lyt følgje henne. 

Nynorsk og bokmål er dei to jamstelte skriftformene av det norske språket, der nynorsk er den minst brukte. Språklova, som har gjelde i over to år no, seier i føremålsparagrafen (§1) at offentlege organ skal ta «ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk». Vidare seier føremålsparagrafen at offentlege organ har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka skriftspråket»

Helseleiarar og -byråkratar som arbeider for å innføre Helseplattforma fråskriv seg dette lovpålagte ansvaret.

Korrekt og forståeleg kommunikasjon i helsevesenet er viktig, både internt og i møte med brukarane. Å kunne bli møtt med og bruke sitt eige språk skaper nærleik og tillit. Det er ei kvalitetssikring av kommunikasjonen. Difor må Helseplattforma finnast på nynorsk. Landsmøtet i Noregs Mållag stør Volda kommune sitt krav om at plattforma må vere tilgjengeleg på nynorsk før ho blir tatt i bruk, og legg til grunn at Helse Midt-Noreg syter for at det blir varetatt før vidare utrulling.