aktuelt

Helsing til Norsk Målungdom

Inger Johanne Sæterbakk helsar landsmøtet i Norsk Målungdom (Foto: Dordi Boksasp Lerum)

Norsk Målungdom samla seg til landsmøte på Vinstra i helga. Då helsa styremedlem Inger Johanne Sæterbakk på vegne av Noregs Mållag, og takka målungdomen for at ho i dag skriv nynorsk, både på fritida, på jobb og som forfattar.

Helsingstale til Norsk Målungdom:

Eg heiter Inger Johanne Sæterbakk og er styremedlem i Noregs Mållag, og eg har fått den store æra å komme hit til Vinstra og helse landsmøtet til Norsk Målungdom i dag.

Sist gong eg var delegat på eit landsmøte i NMU var på landsmøtet på Orkdal vgs, som eg trur var for 21 år sidan.

Det var også på Orkdal vidaregåande skole eg kom i kontakt med NMU første gongen, gjennom lokallaget Måltrælan, eitt av dei første lokallaga til NMU. Vi var ikkje mange, ikkje fleire enn at vi fekk plass rundt eit av dei minste borda i kantina. Det var ikkje noko lett val å skifte til nynorsk som hovudmål på vidaregåande og gjere seg sjølv til ein del av mindretalet, men fellesskapet eg opplevde der gjorde at det var verdt det. At nokon som gjekk to år over meg på skolen gav meg råd og pusha meg, og at det kva veke var nokon som ringde frå skrivarstova i NMU til meg på fasttelefonen heime hos mamma og pappa. Dei inviterte meg på arrangement, sjekka stoda i lokallaget og hjelpte meg med argumentasjonen min. Eg vart litt lei av den telefonen, men det var lurt at dei ringde. Eg vart litt meir skjerpa kvar gong eg snakka med dei. Og dei dagane det kjentest litt tungt å stå i det språkvalet eg hadde tatt, visste eg likevel at eg var del av dette fellesskapet. Og om eg slutta med nynorsk igjen, ville det kjentest som at eg også svikta dei som stod på for nynorsken i mykje større grad enn meg sjølv, dei som sat i sentralstyret og som ringde meg kvar veke.

Fellesskapet er ein viktig del av det å engasjere seg i ein ungdomsorganisasjon. Det å møtast til skolering og felles opplevingar rundt den saka ein er engasjert i, å forme sin eigen identitet i lag med andre. Derfor er det er godt å sjå NMU-arar samla fysisk på ein stad igjen, sjølv om de ikkje er så mange. Men eg veit at de, som mange andre ungdomsorganisasjonar har hatt nokre tøffe år under og etter pandemien, der de ikkje kunne møtast eller gå ut og verve nye medlemmar. Det er viktig for NMU, og det er ikkje minst viktig for nynorsken, å ha ein sterk ungdomsorganisasjon, og eg håpar at de som er her no blir inspirert av denne samlinga til å reise heim og bygge lokallag.

På veg opp hit til Vinstra med toget skvatt eg litt, for eg såg eit bilde av Tobias og overskrifta Nynorsken kommer til å forsvinne. Sjølv om var ganske trøytt, skjønte eg at det ikkje var Tobias sine ord, men ein kommentar i etterkant av Debatten på NRK om nynorsk på torsdag. Ein av desse mange debattane der fordommar mot nynorsk blir presentert som sanningar, og der våre folk parkerer dei.

Nynorsken kjem ikkje til å forsvinne. Og mykje av grunnen til det er den jobben Norsk Målungdom og Noregs Mållag gjer kvar einaste dag.

Utan oss kunne nynorsken forsvunne. Utan det fellesskapet vi bygger i organisasjonane våre. Utan den politiske skoleringa og den politiske debatten vi tar internt. Utan alle debattane vi stiller i med finpussa argument. Men ikkje minst utan den innsatsen organisasjonane våre legg ned kvar dag for å passe på nynorsken. Vi jobbar politisk, opp mot regjeringa, Stortinget og departementa for å styrke rettane til nynorsken og nynorskbrukarane. Vi passar på at skoleelevane får den nynorsken dei har krav på, og seier ifrå når det ikkje skjer, vi jobbar opp mot ordførarar og skoleleiarar, vi prøver heile tida å styrke nynorsken på alle felt i samfunnet. Det er så mykje likesæle der ute, og utan denne evige kampen for språket frå organisasjonane våre, trur eg at det hadde sett dårlegare ut.

Nynorsken har mange tilhengarar. Mange av dei trur dei støttar nynorsken når dei seier at nynorsk er fint i dikt, men dei tar ikkje innover seg at nynorske dikt ikkje skriv seg sjølv. Nokon må lære seg dette språket om dei skal skrive desse dikta. Eg trur ikkje eingong Jon Fosse hadde skrive på nynorsk om han ikkje lærte det på skolen.

Arbeidet for skulemålet og opplæringa er den viktigaste jobben vi gjer. Utan nynorsk i skulen kan spådommen om at nynorsken vil forsvinne, slå til. NMU og Mållaget har jobba godt og mykje i lag med ny opplæringslov, i lag med fleire organisasjonar i målrørsla. Vi fekk ikkje gjennomslag for alt vi bad om, men mykje.

At ungdomsskoleelevane no har fått ein lovfesta rett til å gå i eige nynorskklasser, er viktig. Det er verkeleg ikkje kvar dag at nynorsken får nye lovfesta rettar. I språkblanda område vil dette kunne motverke språkbyte frå nynorsk til bokmål, og sikre ei kvalitativt betre lese- og skriveopplæring. Både NMU og mållaget har jobba i mange år for å få det til, og no må vi jobbe for at kommunane innfører det.

I opplæringslova fekk vi også gjennomslag for at skriveprogram må kunne nynorsk for å vere lovlege å bruke i skulen. I dag er nynorsk stavekontroll enten mangelfull eller fråverande. Mange elevar får raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett.

Mangelen på digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk er like stor som før. Læremiddel har nynorskkrav på seg, mens læringsressursar ikkje har det. Det er høgst problematisk når vi veit at ulike læringsressursar dominerer i klasserommet. Vi ønskte eit krav om at digitale læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen må finnast på nynorsk. Det gav ikkje Stortinget oss. Dei vil heller undersøke kor stort problemet er og kome tilbake til spørsmålet. Det er ei sak vi må jobbe vidare med i lag, for vi veit kor stort problemet er.

Vi jobbar godt i lag, vi kjempar for ei felles sak og vi er til og med sambuarar. Men Norsk Målungdom og Noregs Mållag er samtidig to ulike organisasjonar med ulike prinsipprogram og arbeidsprogram, og med ulik medlemsmasse. Det er viktig at ungdomsorganisasjonen utfordrar «vaksen»-organisasjonen.

Om to veker har Noregs Mållag landsmøte. På landsmøtet for to år sidan vedtok vi både nytt prinsipprogram og eit arbeidsprogram for dei fire neste åra, så dette blir eit litt rolegare landsmøte. Men vi skal vedta ei rekke fråsegner, gjere viktige vedtak om økonomi og drive organisasjons- og kunnskapsbygging.

Eg håpar at Norsk Målungdom sender ein stor og godt førebudd delegasjon til landsmøtet, og at de er synlege frå talarstolen og i endringsframlegga. Ein organisasjon med vaksne folk som har sete lenge i verva sine og jobba på same måten i mange år, kan ha godt av å bli utfordra og inspirert. Eg håpar at de stiller med friske og spissa argument i ordskiftet. Det er ikkje sikkert eg kjem til å vere einig med dykk i alt, men engasjementet og ambisjonane til Målungdommen er viktig for å skjerpe møtelyden. 

Takk for det viktige arbeidet de gjer, og takk for samarbeidet. På vegner av meg sjølv må eg også takke NMU for at eg skriv nynorsk, både på fritida, på jobb og som forfattar. Hadde ikkje NMU tatt meg inn i varmen, dytta meg framover og lært meg å stå i stormen, hadde eg kanskje gitt opp. Det er eg glad ikkje gjorde.

Eg ønskjer dykk eit godt landsmøtet, lykke til med organisasjonsbygginga framover, og eg ser fram til å møte mange av dykk på landsmøtet til Mållaget i Trondheim om to veker.