Helsingstale til nynorskbrukarar i domstolane
Helsingstale halden av Peder Lofnes Hauge til lagdommarar, høgsterettsdommarar og andre nynorskbrukande tilsette i domstolane.
Marie Takvam skriv i eitt av dikta sine:
Nokon må dyrke ordet,
leggje det i vårvarm jord
nær innved menneska
slik at grøda blir hausta.
De som sit her dyrkar ordet i domstolane. De er nynorsken sine fotsoldatar som viser at nynorsken passar også som juss-språk. Og Jørn Øyrehagen Sunde og fleire andre har vore inne på eit viktig politisk poeng: vi må senkje terskelen for å bruke nynorsk; halvdårleg nynorsk er like bra som halvdårleg bokmål.
Eg er takksam for at de skipar til ei slik samling. Alle som sit her veit det nok, men eg seier det likevel: nynorsk er eit like godt juss-språk som bokmålet, om ikkje betre.
Men det er avgjerande viktig med kompetente språkbrukarar som bidreg til å halde fagspråk og terminologi ved like. Det bidreg dokke til, og det har dokke snakka ein del om på denne samlinga også, så langt eg kan sjå.
Ei politisk sak vi i mållaget har jobbe for lenge er at fleire lover skal kome på nynorsk.
Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål eller nynorsk – men stort sett på bokmål. I dag er i overkant av 14 prosent av lovene på nynorsk, og desse utgjer litt over 11 prosent av tekstmengda i lovverket. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vart det sagt at “[m]ålet må vera at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengd etter kvart skal vera på nynorsk”. Dette er eit språkpolitisk mål som er like aktuelt i 2024 som i 2008. Noregs Mållag og Juristmållaget meiner det er på høg tid at regjeringa og Stortinget gjer eit krafttak for å få fleire lover på nynorsk.
Frå no av bør difor alle nye lover vedtakast på nynorsk til vi når målet om 25 prosent. Kvart år vedtek Stortinget rundt 20 nye sjølvstendige lover. Med eit slikt grep vil nynorskprosenten auke raskt, med den bonusen at me får nye lover på nynorsk over heile breidda av rettsområdet. Realistisk? Kanskje ikkje. Men synleggjer framlegget vårt behovet for tiltak? Defintivt.
Skriftspråket i lovene påverkar den skriftlege kvardagen i det offentlege og private. Både lovene, forskriftene og lovforarbeida vert ofte siterte, og dermed gjev tekstane tunge føringar i kva ord, omgrep og uttrykksmåtar som vert mest vanlege å bruke, og kva skriftspråk me ser mest av. Vidare er det ei viktig kjelde til utvikling av nynorsk fagspråk og forvaltningsspråk. Det er viktig ikkje berre for forvaltning og i det private, men også i domstolane!
Den nye språklova frå 2021 opna eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. No skal nynorsken aktivt fremjast av det offentlege Noreg, nettopp fordi det er det minst brukte av dei to jamstilte norske skriftspråka, med tilslutnad frå eit samrøystes Storting.
Domstolane er jo i og for seg ein del av det offentleg, men ikkje ein del av forvaltninga, men nynorsk er viktig også hos den tredje statsmakta.
I det særlege ansvaret det offentlege har for å fremje nynorsk, må det òg liggje at både regjeringa og Stortinget må ta språkpolitisk ansvar og syte for at også fordelinga mellom nynorsk og bokmål i Noregs lover er i samsvar med intensjonane i språklova. Dommarar er jo ikkje omfatta av plikta i språklova om å veksle mellom nynorsk og bokmål. Dei avgjer heilt sjølve om dei vil skrive bokmål eller nynorsk i rettsavgjerder. Difor fortener dommarar som skrivnynorsk ros for det! Det er veldig bra.
Eg vil tilrå alle som ikkje er det allereie å melde seg inn i Juristmållaget. Her kan de finne eit fagleg interessefelleskap – og ikkje minst ein plattform for politikkutvikling. Det er ekstremt viktig for oss og meg som brukar størsteparten av tida mi på påverknadsarbeid opp mot lokale og nasjonale styresmakter og vite at eg kan lene meg på, søke råd hos og få hjelp frå mange jus-utdanna nynorskbrukarar. Det bidreg til at vi veit kva vi snakkar om – veit korleis vi skal formulere lovframlegg, forstå langdryge lovprosessar og raskast mogleg kome til målet: Sikre lover og rettar for nynorskbrukarane.
Ei sak som eg trur vil prege arbeidet vårt i åra som kjem er å få grunnlovfesta at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg. Det er noko vi har jobba lenge for i mållaget og før sommaren fekk vi levert ein formelt framlegg i Stortinget – signert representar frå alle parti utanom Frp.
Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to norske språka bokmål og nynorsk er jamstilte. Det bør Grunnlova reflektere. Og i store geografiske område er nynorsk det statsberande språket. Likevel finst det fleire rammevilkår som er ulike for nynorskelevane og bokmålselevane. Det må vere eit overordna mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka.
Framlegget som ligg i Stortinget lyd slik:
Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.
Eg trur vi skal lukkast med å få det vedtatt i komande Stortingsperiode.
Lukke til vidare med samlinga og kvardagen som nynorskbrukarar i domstolane. De gjer eit viktig arbeid!
Eg vil avslutte med dei siste strofene frå Takvam sitt dikt:
«Nokon må bruke ordet.
Berre ved bruk blir det vakkert.»
Takk for at de brukar ordet og gjer det vakkert.
Peder Lofnes Hauge
Gulating lagmannsrett, Bergen
8. november 2024