aktuelt

Her er det nye styret i Noregs Mållag

Denne helga vart nytt styre i Noregs Mållag valgt på epost-landsmøte. 

E-postlandsmøtet er avslutta, og 146 av 163 valde å bruka røysteretten sin i dei to døgna det var råd å røysta. 

E-postlandsmøtet har handsama to saker. Sak om bankgaranti for lotteriet i 2020 vart vedteke med 143 røyster. Tre har røysta mot vedtaket, og 17 har røysta blankt / ikkje svara.

Leiaren og det nye styret er valde med 146 røyster. 17 røysta blankt også her, det vil seie har ikkje svara på e-post.

Leiar:
Peder Lofnes Hauge (f. 1989). Han er frå Gloppen i Nordfjord og bur i Bergen. Peder Lofnes Hauge er utdanna grunnskulelærar, men har dei siste seks åra arbeidd som politisk rådgjevar for bystyregruppa i Bergen Venstre og som rådgjevar for sosialbyråd og seinare finansbyråd Erlend Horn (V). Peder Lofnes Hauge har sete i styret i Noregs Mållag sidan 2016 og vore nestleiar sidan 2018.

Nestleiar:
Synnøve Marie Sætre (f. 1990). Ho er frå Ørsta og bur i Ørsta. Synnøve Marie Sætre er lærar i norsk og historie ved Ulstein vidaregåande skule og har tidlegare arbeidd som formidlar i Aasentunet. Ho har brei røynsle frå målrørsla og har mellom anna vore leiar i Norsk Målungdom, og medlem i styret i Noregs Mållag og sete i fagrådet for Nynorsksenteret. Ho er vara for SV i kommunestyret i Ørsta.

Styremedlem:
Anders Riise (f. 1969). Er frå Hareid og bur på Hareid. Anders Riise er gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Møre og Romsdal, vara til Stortinget og har tidlegare vore ordførar i Hareid frå 2011-2019. Han er utdanna paramedisinar / ambulansearbeidar og har vore dagleg leiar for ambulansetenesta. Anders Riise vart som 2. varamedlem til styret i 2018, og sidan hausten 2018 vart han fast møtande styremedlem. 

Styremedlem:
Ellinor Bergli Bustad (f. 1970).  Ho er frå og bur i Viggja i Skaun kommune. Ho arbeider som lærar ved Skaun ungdomsskole. Ho er lektor med tilleggsutdanning og har master i kunstkritikk og kulturformidling. Ellinor Bustad kjem frå vervet som leiar i Trønderlaget og har siste åra helde innleiingar på motivasjonssamlingar for norsklærarar med nynorsk som sidemål. Ho representerer SV i kommunestyret og formannskapet i Skaun.

Styremedlem:
Inger Johanne Sæterbakk (f. 1981). Kjem frå Orkdal og bur i Oslo. Sæterbakk arbeider som språkkonsulent på Det Norske Teatret og har tidlegare vore journalist og kommuniksjonsrådgjevar i fleire år. Ho har brei organisasjonserfaring både i og utanfor målrørsla. Inger Johanne Sæterbakk har sete i styret i Noregs Mållag sidan 2016.

Styremedlem:
Kjetil Aasen (f. 1978). Han er oppvaksen i Oslo og Fredrikstad og busett i Oslo. Kjetil Aasen arbeider som protokollsekretær i Høgsterett. Han er utdanna jurist og språkvitar og har tidlegare arbeidd med språkrådgjeving og språkpolitiske saker i Språkrådet og Kulturdepartementet. Kjetil Aasen har hatt fleire tillitsverv i målrørsla. Han er ny i styret. 

Styremedlem valt av Norsk Målungdom: 
Gunnhild Skjold (fødd 1995). Ho kjem frå Tromsø og bur i Oslo. Ho er leiar i Norsk Målungdom og vart nyleg valt til leiar for ei ny periode. Gunnhild Skjold har mastergrad og er lektor i mattematikk. Ho skifta til nynorsk i 1. klasse på vidaregåande skule.

rpt

1. vara:
Bjørn Seljebotn (f. 1952). Kjem frå Stordal på Sunnmøre og bur i Bø i Telemark. Seljebotn er tidlegare lektor frå Bø vidaregåande skule, der han underviste i norsk, informatikk og religion. Han er gründar av firmaet Nynodata, som utviklar omsetjingsprogram og anna nynorskrelatert programvare for offentleg sektor. Bjørn Seljebotn har vore aktiv i lokallagsarbeid i Bø Mållag i mange år.

2. vara:
Birgitta Lim Ersland (f. 1989). Kjem frå Bergen og er busett i Oslo. Birgitta Lim Ersland arbeider som kommunikasjons-rådgjevar i Oslo Taxi. Ho er utdanna historikar og statsvitar og har tidlegare arbeidd på Republikken Koreas ambassade i Oslo. Birgitta Lim Ersland har hatt fleire verv i målrørsla, mellom anna som sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, mangeårig leiar i Oslo Mållag, og nestleiar i fylkesmållaget Vikværingen. Ho har sete som vara i styret i Noregs Mållag sidan 2016.

3. vara
Reidun Ramse Sørensen (f. 1952). Kjem frå Åmli og bur på Gran på Hadeland. Sørensen har mellom anna arbeidd med utvikling av innfordringssystemet for pengekrav i Skatteetaten. Med få unntak har ho leia Hadeland dialekt- og mållag sidan 2003. Sørensen er vara til fylkestinget for Arbeidarpartiet.

4. vara:
Øystein Skjæveland (f. 1968). Kjem frå Stord og bur i Kvinnherad. Skjæveland driv ein liten gard med iskremproduksjon. Han er utdanna journalist og naturvitar og har tidlegare arbeidd som skribent og redaktør. Øystein Skjæveland har hatt fleire verv i målrørsla gjennom mange år og sit mellom anna i juryen for Nynorsk næringslivspris.