aktuelt

Historisk godt program

Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag.

– Partileiar Jonas Gahr Støre har i dag lagt fram det som må vere eit historisk godt Ap-program for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag .

Ap la i dag fram sitt fyrste framlegg til nytt stortingsvalprogram. Her ynskjer Ap å gå til val på å styrkje nynorskkompetansen i lærarutdanningane, betre sidemålsundervisinga og sørgje for fleire digitale læremiddel på nynorsk. Dei er også positive til å utgreie retten til å gå i eigne nynorskklasser ut heile grunnskulen.

Der Ap dei siste vala knapt har hatt ei formulering om språkpolitikk eller nynorsk i programmet sitt, tek dei no til orde for fleire verkemiddel som vil betre stoda for nynorskelevane. Dei omtalar fleire av Mållaget sine viktigaste krav.

No er det opp til heile partiet å spisse og forplikte desse formuleringane endå meir og å sikre at elevane får karakter i sidemål.  

– Eg håpar at delegatane som reiser på landsmøtet i Arbeidarpartiet neste år også slår fast at elevane skal ha vurdering i skriftleg sidemål i ungdomsskulen og på vidaregåande. I ein karakterstyrt skule må elevane sin kompetanse i begge dei to offisielle skriftspråka synleggjerast på vitnemålet, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner det er positivt at det største partiet som ynskjer å ta over makta etter neste val, ser ut til å bli eit parti som går til val med ein faktisk språkpolitikk.

Framlegg til nytt partiprogram 2021-2025 for Ap.