aktuelt

Historisk grunnlovsframlegg for nynorsken i Stortinget

Skjermdump frå framlegginga i Stortinget.

I dag, torsdag 20. juni, vart det fremja forslag i Stortinget om ny § 120 b i Grunnlova. Framlegget lyder slik: Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

– Ei grunnlovfesting vil gje likestillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil særleg vere viktig for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) leverte framlegget på vegner av representantar frå nesten alle stortingspartia: Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Liv Kari Eskeland (H), Sigbjørn Gjelsvik (Sp), Ingrid Fiskaa (SV), Sofie Marhaug (R), Lan Marie Nguyen Berg (MDG) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Mållaget har arbeidd for dette lenge, og ser det som eit historisk steg vidare at framlegget no er fremja i Stortinget. Mållaget meiner dette blir viktig for statusen til norsk i møte med engelsk.

– Framlegget blir handsama etter neste stortingsval. At representantar frå nesten alle parti er med, gjev oss håp og forventing om at vi endeleg kan få nynorsken inn i den viktigaste lova vår, seier Peder Lofnes Hauge.

Les framlegget her:
https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/grunnlovsforslag/2023-2024/dok12-202324-004.pdf

Sveinung Rotevatn overleverer grunnlovsframlegg til stortingspresidenten: https://www.nm.no/app/uploads/2024/06/Skjermbilde-2024-06-20-kl.-11.11.07.png