aktuelt

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Tuva Maria Åserud)

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg sidemål «for å redusere følgekonsekvensen av å ikke mestre norskfaget» når elevane søkjer vidare utdanning. 

– Dei ville aldri brukt ein slik spinnvill logikk i andre fag. Den einaste måten å redusere desse «følgjekonsekvensane av å ikkje meistre norskfaget» er å forbetre opplæringa slik at elevane meistrar norskfaget, slår Peder Lofnes Hauge fast.

– Ein skulle tru at eit sjølvutnemnt kunnskapsparti som elles elskar karakterar, ville meine at dersom elevane ikkje lærer nok, så må elevane få lære meir, ikkje sleppe vurdering, seier Peder Lofnes Hauge. Opplæringa må bli betre og byrje tidlegare, peikar han på.

Norskfaget er det største og viktigaste faget og heilt i kjernen av mandatet til skulen, og det er naturleg at dette blir reflektert på vitnemålet.

– Alle elevar må få god opplæring i heile det norske språket, og kompetansen må vurderast og synleggjerast på vitnemålet. I ein karakterstyrt skule er dette heilt avgjerande for å sikre at arbeidet med nynorsk ikkje blir prioritert ned og gøymt vekk av både lærarar og elevar.

– Dette er dramatisk for nynorsken, og det veit Sanner og Høgre veldig godt.
Dei bør aldri få makt til å gjennomføre denne politikken. Forslaget må støve ned på Høgres hus, seier Peder Lofnes Hauge.

Jan Tore Sanner, medlem i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget frå Høgre. (Foto: Høgre)

.