aktuelt

Høgste medlemstal på 30 år!

medlemmar

I 2019 hadde Noregs Mållag 13 581 betalande medlemer. Det er over 3000 fleire enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet sidan 1989!

Gjennom heile 2019 har organisasjonen bidrege til at over 1200 nye medlemer har meldt seg inn. 
– Me vil takke alle medlemene som kvart år betalar kontingenten sin, og ynskje alle dei nye velkomne til oss! Saman skal vi få til bra ting for nynorsken!

I 2019 såg me ting gå både rett og feil veg for nynorsken. Læreplanen enda opp med lågare læringskrav til skriftleg sidemål, men samstundes med tidlegare start. Talet på nynorskelevar gjekk diverre ned med 892, til 75 245, medan nynorsken blei sikra i fleire kommunesamanslåingar, ikkje minst i Ålesund.

I 2020 kjem det fleire saker som vil ha mykje å seie for framtida til nynorsken: framlegg til ny opplæringslov, ny språklov og ei eiga språkmelding. I arbeidet me desse sakene er det viktigare enn på lenge å vise styresmaktene kor mange me er. Me er klare!