aktuelt

Hovudmålsreglane i opplæringslova treng snarleg opprydding

Foto: Kristianne Marøy

Den nye opplæringslova inneheld nye hovudmålsreglar, som kan få uheldige konsekvensar for nynorsken særleg i vidaregåande skule og ungdomsskulen.

Paragraf 15-2 i den nye lova, med overskrifta «Hovudmål på kvar skole», lyder slik:

«Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.»

I proposisjonen er det presisert at det som er vedteke som hovudmål for den enkelte skulen, anten nynorsk eller bokmål, er det som skal nyttast i undervisninga og i annan kontakt med elevane og foreldra.

I barneskulen er det i utgangspunktet eitt felles hovudmål for alle elevane i same skulekrins. Slik er det ikkje i ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Dit kjem elevane til frå ulike skular med ulike hovudmål. Elevane har også moglegheit til å endre sitt personlege hovudmål når dei vil. Det må altså understrekast at dei enkelte skulane med nynorsk eller bokmål som vedteke hovudmål for skulen kan ha elevar med både nynorsk og bokmål som sine personlege hovudmål. Det er altså to heilt forskjellige hovudmålsomgrep det er tale om. Noregs Mållag legg til grunn at eigne nynorskklasser skal få undervisning på nynorsk uavhengig av det vedtekne hovudmålet for skulen.

Mange av nynorskelevane held til i såkalla randsoner, dvs. område der både nynorsk og bokmål blir nytta utan at nynorsk er klart dominerande, og der erfaringa er at nynorsk er under press, og at mange elevar byter frå nynorsk til bokmål i vidaregåande skule eller ungdomsskulen.

Når den nye opplæringslova krev at det skal vedtakast eitt hovudmål for kvar vidaregåande skule og ungdomsskule, oppstår eit stort problem. Mange stader i randsonene vil det på den eine sida vera for politisk kontroversielt å vedta nynorsk som hovudmål, samstundes som det vil vera potensielt øydeleggjande med eit bokmålsvedtak for nynorskelevane på ein skule som får jamn tilførsel av nynorskelevar. Dette ser vi klart i den saka som gjeld vedtak om hovudmål for vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune, der det har skapt stor motstand at skular i Bergen skulle få nynorskvedtak. Denne situasjonen er ikkje drøfta eller teken stilling til av Kunnskapsdepartementet i samband med førebuinga av opplæringslova.

Dersom vidaregåande skular og ungdomsskular med jamn tilførsel av nynorskelevar skulle få bokmålsvedtak og tilhøyrande plikt til å bruka bokmål i undervisninga og all kontakt med elevane, vil det bryta kraftig med det ansvaret offentlege organ har etter føremålsparagrafen i språklova til å fremja nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.

Noregs Mållag meiner det er naudsynt å korrigera hovudmålsregelen så snart som råd, før fylkeskommunane og kommunane går i gang med å gjera hovudmålsvedtak for vidaregåande skular og ungdomsskular.

Det som trengst, er ein regel som fastset at vidaregåande skular og ungdomsskular kan ha både nynorsk og bokmål som hovudmål, og at det blir presisert at desse skulane har plikt til å bruka nynorsk på ein slik måte i undervisninga og i kontakt med elevane og foreldra at nynorskelevane og nynorsken kjem godt ut av det og møter skriftspråket sitt i kvardagen. 

Noregs Mållag meiner at bokmålselevar kan ha stor nytte av å møta mest mogleg nynorsk i skulekvardagen. Derfor er det gode pedagogiske og språkpolitiske grunnar til at det bør vera høve til å nytta nynorsk i undervisninga av elevar med bokmål som hovudmål, og opplæringslova må ikkje stå i vegen for dette. Men dersom nynorskelevar i randsoner berre skal møta bokmål, fryktar vi at vegen til språkbyte for mange av desse blir kort. 

Kunnskapsdepartementet må ta tak i dette arbeidsuhellet og snarast råd få endra ein regel som i verste fall kan undergrava nynorsk som hovudmål i dei språkblanda områda i Noreg.