aktuelt

Høyring i utdannings- og forskingskomiteen

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag

Onsdag møtte Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, til budsjetthøyring i utdannings- og forskingskomiteen for å snakke om pengar til språkdeling og nynorskmidlar i nasjonale strategiar.

Dette sa mållagsleiaren:

Eg vil byrje med å gjere utdanningskomiteen merksam på noko som eigentleg sorterer under kommunal- og distriktsdepartmentet, men som landets viktigaste utdanningspolitikarar bør kjenne til. I inneverande budsjett er det sett av 102 millionar til språkdelte klasser i ungdomsskulen, men pengane går ikkje til dei kommunane der slike klasser er aktuelt.

Pengane er fordelt etter ein nøkkel – og er ikkje øyremerkt – slik dei burde vore. Dei 36 kommunane det er snakk om, får berre 17,3 av desse 102 millionane. Oslo åleine får 11 millionar – med sine to nynorskelevar. Slik risikerer vi å slå i hel ein viktig nynorsksiger i opplæringslova – og auke risikoen for språkbyte i språkblanda område. Dette må ryddast opp i.

Nynorsk må få ein tydelegare og meir forpliktande plass når ein lagar nasjonale strategiar og planar. Vi må ha konkrete tiltak og øyremerkte midlar. Omsynet til nynorsk blir ofte gløymt når det blir laga planar for dei store massane. For å sikre at nynorsk får den plassen språket skal ha, må ein setje av pengar direkte til nynorsktiltak. Eit tydeleg døme finn vi i den nye lesestrategien. Der får  Lesesenteret 18 millionar kroner, noko som i seg sjølv er svært positivt, men Nynorsksenteret, som arbeider målretta for lesing på nynorsk, får ingenting. Resultatet er at dei må kutte i støtta til tiltak som Tid for ti, eit lesefremjande prosjekt som har vore avgjerande for å styrkje nynorsk som lesespråk.

Lesing på nynorsk er også lesing, og barn og unge som har nynorsk som hovudmål, har dei same behova for litteratur, motivasjon og fagleg støtte som andre. Å fremje nynorsk spesielt er ikkje gjort av seg sjølv. Det krev medvitne politikarar som hugsar på og prioriterer nynorsktiltak kvar gong ein legg ein plan, lagar ein strategi og utformar politikk.

Eg viser elles til innspelet frå Nynorsk forum for konkrete tiltak som bør piroriterast i budsjettet. Det krevst mellom anna midlar til nynorske læremiddel i høgare utdanning, stiftinga Pirion, digitale læremiddel og læringsressursar. Takk.