aktuelt

Språkbruksplan i Ålesund

Noregs Mållag oppmodar lokallag og privatpersonar til å svare på høyringa om språkbruksplanen til Ålesund kommune.

Den 25. august sende Ålesund kommune framlegg til språkbruksplan på høyring. Høyringsfristen er 8. september.

Framlegg til språkbruksplan for Ålesund

Noregs Mållag har følgt prosessen om språket i Ålesund tett heilt sidan planane om samanslåing tok til. At Ålesund kommune skulle bli Noregs største nynorskkommune har aldri vore sjølvsagt, men eit resultat av politikarar med ein sterk visjon.

Det å gjere vedtak om at Ålesund kommune skal vere ein nynorskkommune er å ta statusen til nynorskbrukarane som brukarar av eit mindre brukt språk, på alvor. Det er i praksis å forsøke å bidra til at det skal bli lettare å vere nynorskbrukar i den nye kommunen

Kommunen sitt språkval er eit lite bidrag inn ei verd der bokmålet dominerer.

Planen som no ligg ute på høyring, vil sikre at Ålesund kommune utetter står fram som ein nynorskkommune, samstundes som dei som vender seg til kommunen, skal få svar på si målform og alle skjema og liknande  skal vere tilgjengelege på båe språk. Med dette tek Ålesund kommune ei aktiv haldning og stør det minst brukte språket i Noreg.

Det at all utetterretta kommunikasjon no skal vere på nynorsk, både på nettsider og på sosiale medium er svært viktig. Vidare er det gode tiltak at kommunen vil kurse tilsette og gje dei ressursar som skal lette arbeidet til dei som treng litt ekstra hjelp med nynorsken.

Trass i at det overordna i planen er veldig bra, vil Noregs Mållag likevel peike på nokre moment som kan gjere språkbruksplanen endå betre:

– Det er viktig at alle dokument som følgjer kommunal sakshandsaming er å nynorsk.

– Kommunen må sørge for at digitale læremiddel er på nynorsk og sikre dette gjennom anbodsprosessar og innkjøp.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein kommune er å lære born og unge å lese og skrive. Om lag halvparten av skulane i nye Ålesund har nynorskelevar. Kor medvitne skulane er om språkopplæring på nynorsk, er heilt avgjerande for desse elevane. Difor må dette feltet få eit eige kapittel i planen.