Høyringsnotat til familie- og kulturkomiteen
Dette notatet tek føre seg tre ting:
1: Auka løyving til Noregs Mållag
2: Auka løyving til Samlaget
3: Eit nynorsk kulturløft
Dei to første tiltaka er første- og andreprioritetane til Nynorsk forum. Nynorsk forum er ei samling av 21 nasjonale nynorskinstitusjonar som kvart år samlar seg om budsjettinnspel. Slik ynskjer målrørsla å snakke med éi røyst inn mot styresmaktene.
326.73 Noregs Mållag – kr 1 000 000
Noregs Mållag har hatt medlemsvekst og avslutta 2024 med ny rekord på over 16 000 medlemer. Dette viser at svært mange vil vere på lag med nynorsken, og at dei ynskjer å støtte eit offensivt arbeid for å gje språket betre kår. Samstundes er språklova komen, og rettane til nynorskbrukarane er styrkte, utan at det er sanksjonar for brot på desse. Noregs Mållag treng auka støtte for å gje betre tilbod til nynorskbrukarane. Det er ei omfattande oppgåve. Organisasjonen vår er no 60 % større enn for 15 år sidan, medan administrasjonen er like liten som då.
I fire år har mållagsmillionen vore det høgst prioriterte tiltaket frå eit samla nynorskmiljø gjennom budsjettinnspela frå Nynorsk forum.
I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2026 ligg det inne ei styrking til Noregs Mållag på 400 000 kroner. Det er veldig bra og viser at regjeringa ser kor viktige vi er, og ser behovet for mållagsmillionen. Likevel manglar det 600 000 kroner, og vi ventar at Stortinget finn og løyver desse i handsaminga av statsbudsjett for 2026.
326.74 Det Norske Samlaget – kr 3 500 000
Behovet for nynorsk litteratur for barn og ungdom er stort. Den mest effektive måten å sikre fleire utgjevingar av lettlesen og populær nynorsk litteratur for barn og unge er å styrkje tilskotet til Det Norske Samlaget. Styrking av Samlaget vil styrkje nynorsktilbodet i bibliotek og bokhandlar i heile Noreg. Vi viser elles til søknaden frå Det Norske Samlaget.
Eit nynorsk kulturløft
Innspela frå Nynorsk forum summerer seg til eit nynorsk kulturløft på til saman 36 millionar kroner. Dette burde passe godt med regjeringa sine utspel om kulturløft i heile landet, og ein aktiv språkpolitikk. Det trengst tydelegare språkpolitiske satsingar i kulturdelen av statsbudsjettet for å følgje opp språklova.
For Noregs Mållag
Peder Lofnes Hauge