Høyring i familie- og kulturkomiteen
Torsdag møtte Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, til budsjetthøyring i familie- og kulturkomiteen for å snakke om mållagsmillionen.
Dette sa mållagsleiaren:
Gode komite,
først vil eg takke for høvet til å presentere vårt syn på statsbudsjettet for 2023. Det er eit samstemt og samla nynorskmiljø i Noreg som står bak prioriteringane som er spelt inn frå Nynorsk forum. Der forumet vil legge vekt på tiltak 2-4 i den lista de har fått tilsendt, vil eg på vegner av Noregs Mållag legge vekt på tiltak 1, 5 og 6.
Året 2022 byrja med ei ny språklov og eit rekordstort Noregs Mållag. Føremålsparagrafen i den nye lova er historisk, og lovfestar det offentlege sitt ansvar for aktivt å fremje nynorsk, som det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Dette må bety eit taktskifte i språkpolitikken, og eit slikt taktskifte må også vise att i løyvingane på statsbudsjettet. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det ingen nye nynorsktiltak. Det bør Stortinget endre på.
Dei 17 nasjonale nynorskorganisasjonane i Nynorsk forum har samle seg om ei auka løyving på 1 million ekstra til Noregs Mållag som det viktigaste tiltaket på kulturbudsjettet i 2023. Mållaget opplever ein enorm vekst, og har omfattande oppgåver i forleninga og oppfølginga av offisiell norsk språkpolitikk. Det trengs fleire ressursar for å få gjort dette arbeidet på ein god nok måte, og erfaringa er at styresmaktene treng hjelpa vår for å passe på eigne språkpolitiske ambisjonar, og for å halde lovbrota på dette feltet på eit minimum.
Det er ingen ting som gjev meir nynorsk for pengane enn auka løyvingar til Noregs Mållag.
Det Vestnorske Teateret er ein nynorsk maktdemonstrasjon, på gateplan i Bergen sentrum. Her har det lege sidan 2016. Nynorsken og den nynorske scenekunsten breier seg i byen og tar den plassen den fortener. Plasseringa er symboltung, og i seg sjølv ei viktig språkpolitisk markering. Flyttinga har vore ein suksess, og teateret har i løpet av kort tid etablert seg som eit av Noreg sine viktigaste teaterhus, med fleire Hedda-nominasjonar og prisar. Nynorsk er det vesle språket for den store scenekunsten. Ombygginga av teateret gjer at det no står fram som eit fullverdig teaterhus, med hovudscene og ei ny scene 2 og prøvesal, men det manglar nye løyvingar til å ta den nye scena i bruk. Det blir det ikkje mykje teatermagi av.
Vestland fylkeskommune har løyvd 1,5 millionar ekstra til drifta, men den statleg tilleggsløyvinga på 3,5 millionar var ikkje å finne i regjeringa sitt framlegg til budsjett.
Teater Vestland har heller ikkje fått auka løyvingar. Dei skal flytte inn i det nye Nynorskhuset i Førde. Huset står klart om åtte månader, og leigekontrakten er skriven under på. Pengane til husleige manglar. Om teateret skal hente dei 2 millionane dei treng frå dagens driftsbudsjett, vil det resultere i færre produksjonar og mindre turneverksemd.
Eg håpar komiteen vil samle seg om auka løyvingar til språkpolitikk og nynorsk scenekunst – i by og bygd. Takk for merksemda.