Hurra for Hudd på nynorsk!
Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet med å byggje eit sosialt medium på brukarane sine premissar – og på norsk språkgrunn.
– Dette er ein stor dag! Det er viktig for nynorskbrukarane å møte språket sitt på alle område, også på internett. Me veit at mange har venta på Hudd på nynorsk, og eg vil takke Jæren Mållag som har stått på for å få dette til. Eg håpar mange fleire no vil registrere seg på Hudd, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag,
Hudd har hatt sterk vekst i både Noreg, Sverige og Danmark det siste året, og nærmar seg no 200 000 brukarar. Plattforma er utvikla som eit alternativ til algoritmestyrte sosiale medium, med fokus på fellesskap, ro og ekte relasjonar.
– Nynorsk har vore etterspurt heilt frå starten. For oss handlar dette ikkje berre om språkval, men om identitet og kultur. Språk bind oss saman, og då skal nynorsken ha sin naturlege plass i Hudd. Difor er me svært glade for endeleg å kunne lansere nynorsk i appen, seier Eigil Arff Tarjem, dagleg leiar i Hudd.
– Lanseringa skjer under overskrifta «Me Huddast» – eit uttrykk som spelar på det å møtast, vere saman og byggje fellesskap. Me likar tanken på at nynorsken ikkje berre skal vere ei innstilling i ein meny, men noko som lever i språket mellom folk, seier Eigil Arff Tarjem.