Ikkje legg ned skulestad Lom!

Mållaget oppmodar fylkestinget i Innlandet om å halde på skulestad Lom. For Mållaget er det viktig å peike på omsynet til nynorskelevane og retten deira til å ha eit like godt skuletilbod som bokmålselevane.
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, skulestad Lom tilbyr mykje nynorsk i klasseromsundervisninga og gjev også eleven nynorske omgjevnader. Det gjer det rett og slett lettare å halde på nynorsken, som dei fleste elevane har med seg frå ungdomsskulen. Det gjer det også lettare å halde på dei lokale dialektane. Vi kan også leggje til at gjennomføringstala for elevane i Lom er imponerande høge med 97 %.
I dag er det 2 831 nynorskelevar i grunnskulen i Innlandet fordelt på 13 kommunar. Den største delen av nynorskelevane er i Nord-Gudbrandsdalen, der over 75 % har nynorsk opplæringsspråk. Fylkeskommunen som skuleeigar har såleis eit språkansvar for at desse elevane får eit godt vidaregåande skule-tilbod, også på nynorsk.
Ein har rett til å halde fram med det skriftspråket ein sjølv ønskjer, gjennom heile utdanningsløpet. Vi veit at språkskiftet frå ungdomsskulen til vidaregåande skule er høgt. Det mange elevar fortel oss, er at dei skiftar til bokmål fordi dei trudde det skulle vere slik, og at veldig mange elevar rett og slett blir møtte som bokmålselevar i vidaregåande skule.
Ut frå røynsler andre stader, veit vi at dei fleste nynorskelevar vil halde fram med nynorsk i vidaregåande skule, dersom dei får gode nok vilkår for å vere nynorskelev. Dei vilkåra er langt dårlegare på ein skule der nynorskelevane er i kraftig mindretal.
Vi vil her minne om at språklova slår fast at bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige språk. Paragraf 1 i språklova seier at som eit offentleg organ har fylkeskommunen eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske språket. Å vidareføre skulestad Lom er eit viktig tilskot til det språklege mangfaldet som er i Innlandet, og er svært viktig for dei nynorskelevane det gjeld.
Lise Røthe Høgvold, leiar i Lom og Skjåk dialekt- og mållag
Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget
Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag