Ingen nye tiltak for nynorskbøkene i leselyststrategi
Den nye leselyststrategien til regjeringa manglar tiltak for å auka mengda nynorske barne- og ungdomsbøker, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag og skulebibliotekar ved Bergen katedralskole.
Leselyststrategien blei lagd fram på Lillehammer Bibliotek onsdag føremiddag.
Ei ny undersøking frå Barnebokinstituttet syner at berre om lag 5 % av utgjevne barne- og ungdomsbøker dei siste åra har kome på nynorsk, sjølv om 11 % av elevane i barne- og ungdomsskulen har nynorsk som opplæringsspråk. For omsetjingar til nynorsk er tala endå lågare: Berre 4 av totalt 484 omsette bøker var på nynorsk i 2022.
Noregs Mållag meiner at denne skeivfordelinga mellom bokmål og nynorsk må rettast opp.
– Mykje står att før nynorsklitteraturen har like gode kår som bokmålslitteraturen, seier Live Havro Bjørnstad.
Noregs Mållag ønskjer at regjeringa opprettar ei søknadsordning for barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Dette er viktig for at fleire forlag skal ha økonomiske insentiv for å satsa på barne- og ungdomsbøker. I arbeidet med statsbudsjetta har Mållaget også ønskt seg 1.5 mill kroner til satsing på barne- og ungdomslitteratur på Samlaget.
Eit samla litteratur-Noreg er samde om at skulebiblioteka er viktige for at leselyststrategien skal lukkast. I dag har eit fleirtal av skulebiblioteka i Noreg ikkje eigne tilsette, og mange av dei manglar bøker. Til og med i skulebibliotek på nynorskskular manglar det nynorske bøker i hyllene.
– Her er det lite ny politikk og få konkrete tiltak frå regjeringa. Dei har stadfesta at skulebiblioteka er viktige, men gjer lite for å sikra ei reell styrking av dei. Me veit at enkel og god tilgang på litteratur er det viktigaste tiltaket for å skapa leselyst hjå barn og unge, slår Live Havro Bjørnstad fast.