Ingvild Eide Leirfall har fått nynorskstipend
Ho får stipend for å lage eit digitalt opplegg for nynorske verksemder som ønskjer å bli betre på sosiale medium.
– Eg vart overraskande glad, fordi at eg kan bruke midla til å gjere intervju og research. Det er òg identitet for meg. Difor betyr det veldig mykje, seier Ingvild Eide Leirfall til Nynorsk pressekontor (NPK).
Ho starta karrieren i lokalavisa på Stord, og har sidan jobba i både NRK og Framtida.no. Etter 16 år i journalistikken takka Leirfall for seg og blei gründer på heiltid. I dag driv stordabuen eige enkelmannsføretak, vitjar podkastar og held foredrag. Samstundes er ho aktiv som samfunnskritikar og innhaldsprodusent på sosiale medium.
– Eg er småbarnsmor, sjølvstendig næringsdrivande med tusen ulike prosjekt til i kvar tid og null tid, skriv Ingvild Eide Leirfall på nettstaden sin. Der omtalar ho seg sjølv som «[ …] ei som aldri klarer å la vere å spreie den glade bodskapen, når det kan hjelpe andre.»
Levande historieforteljing
Nyleg laga gründeren ein video om tidsklemma i kvardagen , som gjekk viralt og fekk over 920.000 visningar på Instagram.
– Då eg først kom meg ut av hamsterhjulet, ville eg lyfte debatten, sa Leirfall til VG , om tida etter at ho hadde sagt opp sin faste jobb.
Videoen er eit døme på engasjementet og formidlingsevna hennar. Med berre saks og papir, illustrerer småbarnsmora kor mykje tid i døgnet ho har til rådvelde. Etter å ha klipt vekk time etter time frå papirlappen med arbeid og barn i barnehage, sit ho til slutt att med ei lita remse på skarve tre timar.
Uforløyst potensial
Frå 2025 har Leirfall hjelpt både gründerar og små og store verksemder med å bli synslege på nett. Ho er spesielt oppteken av å ikkje jage etter algoritmar, følgjarar eller trendar, men heller trekkje til seg merksemd over tid.
– Eg trur ikkje det er så vanskeleg, men det finst så mange utsegn om måtar å gjere det bra på sosiale medium. For mange bedrifter er det nok ei ukjend verd, seier Leirfall.
No skal ho hjelpe nynorskbedrifter til å bli betre på synlegheit digitalt.
– Diverre eit marginalisert språk
Leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, fortel til NPK at kvar sjette nynorskbrukar får negative tilbakemeldingar.
– I næringslivet er bildet like nedslåande. Berre fem av dei 500 største norske bedriftene skreiv årsrapporten sin på nynorsk i 2020, understrekar han.
Noregs Mållag tykkjer difor at det er fint at Ingvild Eide Leirfall vil utvikle eit nettkurs i marknadsføring gjennom sosiale medium og innhaldsproduksjon retta spesielt mot nynorske bedrifter.
– Det kan bidra til at nynorskbedrifter blir synlege og truverdige på sosiale medium, på sin eiga målform og identitet, utan å vere redd for å gjere feil eller å ikkje nå ut, forklårar mållagsleiaren, som meiner nynorsk er eit minst like godt næringslivsspråk som bokmål.
(©NPK) Sara Berg Jonsson / sara.berg.jonsson@npk.no har skrive artikkelen.