Ivar Medaas ut til 500 millionar Netflix-sjåarar
Den nye, norske såpeserien «Milliardærøya» handlar ikkje berre om oppdrettsfisk og kampen om å bli den største lakseoppdrettaren i verda. No får også endeleg Ivar Medaas og nynorsken internasjonal premiere.
«Eg hadde ein gong ein båt, med segl og med mast og kjøl, men det var i gamal tid, i så gamal tid, svar du meg på, kvar er han nå – eg berre undrar, kvar er han nå».
I den nye oppdrettssåpa «Milliardærøya» som hadde premiere på Netflix torsdag, er det den skranglete og tostemte vokalen til Ivar og Kari Medaas frå 1967 som slår an tonen. Ikkje berre i første, men i alle seks episodar om to familiar som konkurrerer om å bli verdas største lakseprodusent på den fiktive øya Brima i Trøndelag.
Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig, ler Anne Bjørnstad, som saman med ektemannen Eilif Skodvin har skrive serien på oppdrag frå den internasjonale straumegiganten. Ho meiner den gamle slageren gir sjåarane akkurat den kjensla og stemninga dei ønskte å formidle:
– Både Eilif og eg er veldig glade i låten, og teksten er jo utruleg treffande for miljøet me skildrar. Dei hadde ein gong ein båt – tidlegare var jo alle langs kysten fiskarar – og no er båten borte og fisken i oppdrettsanlegg. Det har ført til masse rikdom, men spørsmålet er jo om livet er blitt noko enklare. Kanskje det er ein slags lengsel tilbake til tida før ein begynte med oppdrett?, seier Bjørnstad, som saman med ektemannen også stod bak «Lilyhammer», den første originalserien frå Netflix, og HBO-suksessen «Beforeigners».
– Sjølv om me har lagt handlinga i «Milliardærøya» til Trøndelag, er det jo oppdrett langs heile kysten. Difor kjendest det bra å få inn Medaas og litt Vestland i serien også.
Nynorsk kakekamp
I «Milliardærøya» er det kampen mellom den gammaldagse familiepatriarken Gjert Meyer (Svein Roger Karlsen) i Meyer fjordbruk og den moderne businesskvinna Julie Lange (Trine Wiggen) i gigantselskapet Marlax som dreg det store dramaet framover. Blant alle laga ligg det og eit beskjedent nikk til nynorsken.
I episode fire fyller nemleg Magnhild, den slagramma kona til Gjert, 60 år. Om morgonen diskar Gjert og dottera opp med lystig toradarmusikk. Den einaste helsinga Magnhild får utanfrå, er ein blomebukett levert på døra. Då Gjert spør kven helsinga er frå og dottera les opp kortet frå Noregs Mållag, blir Gjert tydeleg varm om hjartet:
– Ja! Det er bra folk! Dei har hukommelse – ein kvalitet eg ofte saknar no til dags!
Seinare i episoden endar Gjert i munnhoggeri på eit lokalt bakeri då han kjem for å hente kaka han har tinga til kona. Teksten på kaka som blir sett på disken er nemleg på bokmål:
– Du, eg bad ettertrykkjeleg om å få teksten på sidemål!
– Sidemål? svarar den svenske ekspeditøren undrande. – Er det viktig?
Det er det, forsikrar Gjert, på så saftig trøndersk at han utan å skjøne det endar med å fatshame ekspeditøren då ho nektar å endre dei tre kritiske bokstavane. Ho svarar med å kaste heile kaka i søpla.
Trønderlukke
Det er langt til neste bakeri på Brima, for å seie det slik. Men då Gjert mot slutten av episoden endeleg parkerer den gamle Mercedesen på tunet heime, står det ei ny kake med rett målform i passasjersetet: Hjarteleg til lukke med dagen!
Styreleiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, vedgår at han lo godt då han såg episoden.
– Gjert gjer som mange kvardagsaktivistar ofte må; gå – eller køyre – ei ekstra mil for å få nynorsk. Det er ikkje like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Det er fantastisk at serieskaparane tar nynorsken, mållaget og Ivar Medaas ut i verda!, seier Peder Lofnes Hauge.
Leiar i Trønderlaget, Espen Tørset (45), kunne ikkje vore meir samd. Han vedgår at han vart beint ut rørt då han høyrde Ivar Medaas opne serien. Då Tørset sjølv bytta til nynorsk som hovudmål på vidaregåande, var det fordi han endeleg fann hjartespråket sitt. Han hadde aldri tenkt han skulle bli ein slik som stod på barrikadane for målet. Det var heilt til han til dømes skjønte at opplæringslova ikkje automatisk blir følgt og at studentar ofte må kjempe for å lærebøker og eksamenar på nynorsk.
– Det er noko med dei haldningane ein kan bli møtt med som nynorskbrukar, akkurat slik som Gjert opplever i serien. «Er det no så nøye då?». Det er ganske respektlaust, meiner Espen Tørset.
Det har ikkje alltid vore slik. Fram til midten av femtitalet var faktisk Trøndelag det tredje største nynorskfylket i landet, berre slått av Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei av forklaringane er at dialektane i tidlegare Nord-Trøndelag er til forveksling likt normert nynorsk med einskilde dialekttrekk.
Etter krigen var det likevel bokmål som vart assosiert med den nye og håpefulle tida. Legg til ei reform som slo saman nynorskkommunar og bokmålskommunar, og fråvær av aviser som skreiv nynorsk, og du har noko av forklaringa på korleis nedturen starta. Sidan 2014 har det ikkje vore ei einaste skule i Trøndelag med nynorsk som opplæringsmål.
Mållaga i fylket har likevel hatt medlemsvekst dei siste åra, fortel Tørset optimistisk:
– Om me legg bort sidemålsdiskusjonen, opplever eg at nynorsk blir møtt med mykje meir positivitet frå bokmålsbrukarar no enn då eg vaks opp. Noko er truleg takka vera lokale nynorskforfattarar som Erlend Skjetne, Kari Stai, Dordi Strøm og Carl Frode Tiller. I tillegg er det mange av dei store avisene som skriv mykje nynorsk. Generelt trur eg folk er meir avslappa når det gjeld språk i dag. Trønderdialekten ligg jo også framleis mykje nærare nynorsk enn bokmål, påpeikar Tørset.
Særnorskt og globalt
Manusforfattar Anne Bjørnstad humrar når ho høyrer engasjementet blant nynorskfolket for episoden. Ho har forresten akkurat fått beskjed om at serien ligg på topp på straumetenesta og er den mest sette i Noreg akkurat no. Potensielt kan serien nå ut til ein stad mellom 500–600 millionar menneske i 190 land.
Sjølv vaks Bjørnstad opp i Bærum med far frå Gudbrandsdalen, mor frå Ofoten og abonnement på Norsk Barneblad. Det var særleg mora sin familie som var opptekne av nynorsk og målsak, fortel ho.
– Eg skjønte nok likevel ikkje kor engasjert foreldra mine var i målsaka før eg vart fortalt om gravferda til bestefaren min i Narvik. Det var faren til ein nær ven av meg som var prest. Fram til då hadde han forretta på bokmål heile livet, men det gjekk ikkje då bestefar døydde. Familien min tvang han til å forrette på nynorsk i gravferda.
Ho ler att:
– Når ekspeditøren i serien spør Gjert om det er viktig at teksten er på nynorsk, er det som eit raudt flagg. Han vil jo berre at kaka skal vera perfekt, medan bakeriet som alltid har vore der, plutseleg lagar så mange rare typar kaffi og ikkje anar noko om målsaka. Det gir han kjensla av å bli framandgjort på eiga heimebane, seier Bjørnstad.
– Målsak er djupt alvorleg for mange, og samstundes veldig særnorskt. Men eg håpar jo fleire kjenner seg att i kulturkrasjet. At ein ikkje forstår kvarandre, men er like hissige og kan trigge kvarandre utan å skjøne det – akkurat dét er jo internasjonalt.
av Heidi Molstad Andresen (©NPK)