aktuelt

Ja til digital språkleg likestilling

Foto: Kristianne Marøy

Det må vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar – også på internett.

Språklova slår fast at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk i Noreg. I den digitale verda er dette langt ifrå tilfelle. I skulen får nynorskelevane digitale læremiddel på bokmål, både offentlege etatar og private bedrifter tilbyr oss å skrive til robotar som ikkje forstår nynorsk når vi treng hjelp frå dei, og få av dei teknologiske hjelpemidla vi er omgitt av i kvardagen, forstår dialekt eller snakkar god nok nynorsk. Nynorsk og bokmål er likestilte språk i det norske samfunnet, og må også ha like vilkår i den digitale verda. 

Ansvaret for den digitale språklege likestillinga ligg hos den nye digitaliseringsministeren, Karianne Tung (Ap). Noregs Mållag forventar at ho og departementet hennar sørgjer for at den digitale utviklinga også er nynorsk, og byggjer ein god norskspråkleg infrastruktur til all ny teknologi som blir utvikla. 

Nasjonalbiblioteket har ansvar for Språkbanken, som samlar store datasett med norsk tekst og tale. Det er desse som utgjer denne infrastrukturen. Tilfanget av nynorsk, som det minst brukte av dei to norske språka, er dårlegare enn for bokmål. Det er svært viktig at Språkbanken får dei ressursane som trengst for å kunne fylle banken med nynorsk tekst og tale, og på den måten leggje til rette for ei reell digital språkleg jamstilling.  

Nynorskbrukarar har rett på svar på eige språk når vi kommuniserer med staten. Digitaliseringsministeren må også sjå til at vi få svar på eige språk når vi kommuniserer gjennom tekst og tale i den digitale verda.  Noregs Mållag krev ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering. Det må vere ei konkret gjeremålsliste med tiltak som raskt gjer den digitale kvardagen betre.

Kunstig intelligens og språkmodellar kjem til å påverke den språklege kvardagen vår. Gjeremålslista må innehalde punkt for korleis KI og språkmodellar kan bli nytta for å styrkje nynorsken. Det må vere eit mål at språkmodellar som blir utvikla for skulen, følgjer offisiell rettskriving.

Dei store multinasjonale selskapa sit med stor makt over språkutviklinga i Noreg, både i klasseromma og samfunnet elles. Det er avgjerande viktig at styresmaktene tryggjar norsk språk i offentlege innkjøp. Om ikkje ein leverandør kan lage programvare som stør både bokmål og nynorsk, kan dei ikkje få innpass på marknaden hos offentlege.