Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget
Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985.
Tusenvis på lag med nynorsken
– Medlemer er sjølve grunnlaget for ein medlemsorganisasjon, og dette medlemstalet vitnar om at nynorsksaka er viktig for veldig mange i 2024, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
No er Mållaget 6000 fleire medlemer enn for tjue år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan og 2500 fleire enn for fem år sidan.
Nynorsken treng eit stort mållag
Alle språk treng språkpolitikk. Dette gjeld særleg nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.
– Nynorsken treng nynorskpolitikk, og Mållaget veit kva som trengst, seier Peder Lofnes Hauge. Med fleire medlemer ventar han fleire politiske oppturar i året som kjem.
Partiprogramma for det komande stortingsvalet er under arbeid, og dei politiske partia bør notera seg at rekordmange no er opptekne av målsak. Rikdomen i å ha to skriftspråk – som speglar både ordtilfanget, dialektmangfaldet og kulturen vår – er ein del av den norske identiteten som me må ta vare på.
Målreisinga treng målfolk
I fjor strøymde nye medlemer til Mållaget då Jon Fosse, som sjølv er medlem i Mållaget, takka nynorsken og målreisinga for nobelprisen. I år har lokale tillitsvalde i Mållaget verva over 1000 nye medlemer. Slik det ser ut no, aukar medlemstalet i alle 18 fylkeslaga frå i fjor.
– Eg er stolt av all innsatsen folk gjer for organisasjonen vår, seier leiar Peder Lofnes Hauge.