aktuelt

Kari Medaas er død

I går kveld melde Bergens Tidende at Kari Medaas er død, 81 år gammal. I 2002 fekk ho Målprisen av Noregs Mållag saman med mannen Ivar Medaas. 

I 2002 var Noregs Mållag samla til landsmøte i Oslo. I høve festmiddagen laurdag kveld på Det Norske Teatret var det målprisutdeling. Styret i Noregs Mållag delte ut Målprisen 2002 som gjekk til Ivar og Kari Medaas for den store kulturinnsatsen dei har gjort for norsk språk og kultur.

Dåverande leiar i Noregs Mållag, Oddmund Løkensgard Hoel, sa mellom anna dette ved utdelinga av prisen

«Ivar og kona hans, Kari, har hatt mykje å seia for norsk musikk, nynorsk språk og dialekt og norsk folkekultur i det heile i sitt lange og rike artistliv.

Noregs Mållag og nynorsken treng gode språkbrukarar og kunstnarar, skal målet vårt nå fram, og Ivar og Kari har vore nettopp det. Og dei fekk attpåtil løyst litt opp på det noko alvorstunge og litt trauste norskdomsuttrykket med gapskratt, sjølvironi og gjøglarfakter.

Det er òg eit godt poeng her på denne samkoma i Oslo at Ivar og Kari faktisk møttest i Leikarringen i Oslo i 1960 for å gå på vinterlandbruksskulen. Ikkje lenge etter finn vi dei to att som den velkjende Vestlandsduoen, i 35 år var dei songpartnarar og reisefølgje, spelte inn plater og turnerte landet på langs og tvers.

Vi i målrørsla er evig takksame for den store kulturinnsatsen Ivar og Kari Medaas har gjort for norsk språk og kultur, og vi er trygge på at dei kunstverka som dei har skapt kjem til å leva vidare i norsk kulturliv i generasjonar. Før ha det vanta både Lindås-pris og Nordhordalandspris, og no skal dei også få ein velfortent målpris, som dei eigentleg burde ha hatt for lenge sidan!»