Kjell Snerte til minne
Kjell Snerte vart fødd i 1938 i Hemsedal. Han har vore både redaktør av Dag og Tid, bonde i Bø i Vesterålen, redaksjonssjef i Samlaget, leiar i Noregs Mållag, og bonde og frilansskribent i Hemsedal. For oss i Mållaget har han vore ein målmann heile livet.
Han vart aktiv i det som har blitt rekna som ei brytningstid i Noregs Mållag frå midten av 60-talet. Det var fleire unge som meinte at Mållaget måtte ny-orientere seg for å finne ny grunn for målreisinga. Etter framlegg frå Berge Furre sette styret ned ei nemnd som skulle utarbeide eit nytt program. Nemnda arbeidde i eitt år og var då framleis langt ifrå å lande teksten. Kjell Snerte, saman med Anders M. Andersen og Berge Furre, skreiv ferdig teksten til det som skulle bli boka Målreising 1967. Dette var det mest omfattande forsøket på å analysere nynorsken og målrørsla si stilling i samfunnet i samanheng med allmenne sosiale prosessar. Det fekk mykje å seie for det vidare arbeidet.
I 1966, som 28-åring, kom Kjell Snerte etter kampvotering inn som varamedlem i mållagsstyret. Han gjekk ut av styret etter eitt år og vart redaktør i Dag og Tid. På landsmøtet på Tingvoll elleve år etter, i 1977, vart Kjell Snerte vald som formann i Noregs Mållag. Han sat i to år til han gjekk av i 1979.
Dette var ei særs aktiv tid i Mållaget. Det høgste medlemstalet Mållaget har hatt, var i 1977. Både medlemsverving, lagsskiping, lagsarbeid og skulemål vart det arbeidd både hardt og godt med. Alt hausten 1977 vart det gjennomført tre offensive skulemålsrøystingar i Nome, der nynorsken vann to av dei. Det var mange kampar som hadde vore kjempa innetter i Mållaget gjennom 60- og 70-talet, men i leiarperioden til Kjell Snerte spakna motsetningane i organisasjonen.
Etter at han og familien flytta heim att til Hemsedal i 1990, engasjerte han seg i lokalt målarbeid. I 2019 fekk han Målprisen av eige lokallag, Hemsedal Mållag. Dei la vekt på at i tillegg til dei nasjonale oppgåvene i Dag og Tid, Noregs Mållag og Samlaget hadde han vore særs viktig for eit vitalt målarbeid i Hemsedal og Buskerud i 30 år.
Kjell Snerte var ein av desse målfolka som er aktive målmenneske heile livet. Han var med på å skrive det viktige programmet i 1967, men var også med og laga arbeidsprogrammet for Mållaget for 2011–2014.
I 2006 stod han i spissen for eit seminar der dei lanserte omgrepet «fjellnorsk», der målet var å berge det fjellnorske språket. Då vart det seminar for dialektane i Telemark, Numedal, Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdal og øvre del av Østerdalen. Desse språka har mykje sams, og eit fellestrekk er at dei kan bli utrydda.
Som leiar i Buskerud Mållag starta han dialekt- og nynorskkampanjen Hått halling. Den hadde mange spennande tiltak retta imot barnehagar og skular i heile Hallingdal, mellom anna dialektleirar gjennom fleire år. Der inviterte han og dottera Tori til og var vertskap for dialektleir for unge ungdomar på Snertehaugen i Hemsedal, saman med alle dei lokale mållaga i Hallingdal.

Det er ikkje alle som har kledd seg naken for nynorsken. Kjell Snerte har gjort det! I ei avis sendt ut til heile Hallingdal, laga av Hått halling, med overskrifta: «Naken for nynorsken», kledde han og andre hallingdølar av seg for nynorsken. Då skreiv Kjell Snerte mellom anna: «Å vere oppteken av å bevare nynorsk skriftspråk og hallingmålet stengjer ikkje dører til verda utanfor: Det opnar dei.»
Vi takkar for alt det Kjell Snerte har gjort for målsaka og Mållaget gjennom eit langt liv. Takk for at vi fekk vere på laget ditt, det gjorde oss rikare.
Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag