aktuelt

Knallstart for Lofoten og Vesterålen Mållag!

Det var svært godt oppmøte på Vågan Bibliotek i Svolvær då Lofoten og Vesterålen Mållag starta opp den 24. mars.

Det påtroppande styret inviterte til ope møte med middag, kake og kaffi, og folk kom langvegsfrå for å delta. Nokre av dei som møtte opp var ikkje medlemmer, men kom for å få med seg programmet. Det var totalt 15 oppmøtte på årsmøtet, og laget hadde ved oppskipinga 25 medlemmer.

På programmet var mellom andre Magne Heide, leiar i Harstad og omland Mållag og tidlegare leiar i Hadsel Mållag. Han gjekk gjennom historia til nynorsken som skulemål og dei ulike mållaga i regionen frå 1890 til i dag. Nynorsken hadde relativt lang tradisjon før krigen, kunne han fortelja. Den siste nynorskkrinsen i Lofoten forsvann i 1982, då Valberg skule gjekk over frå nynorsk til bokmål. 

Magne Heide heldt ei fengjande innleiing om nynorskhistoria i Lofoten og Vesterålen.

Det var likevel aktive mållag etter nynorsken forsvann som skulemål. Lofoten og Vesterålen Mållag blir det fyrste aktive mållaget i Lofoten sidan Hadsel Mållag la ned i 1992, medan Bø bygdelag i Vesterålen var i drift til 2022.

På programmet var også Martin Arntzen frå Myre i Øksnes kommune, som er initiativtakar og styremedlem i Lofoten og Vesterålen Mållag. Han fortalde om masteroppgåva si «Nynorsk språkdusj på mellomsteget», om korleis betra kompetansen og haldningane til nynorsk for barn på mellomsteget. 

Martin inspirerte med formidlinga av masteroppgåva si om nynorsk språkdusjing.

Ingar Arnøy frå Noregs Mållag innleia om stoda for nynorsk og målsaka i dag, med særleg vekt på arbeidet til Noregs Mållag no.

No kan vi endeleg seia at vi har eit LoVe <3 Mållag!

Det nye styret ser slik ut:

Leiar og kasserar: Vemund Norekvål Knudsen, Kabelvåg
Skrivar: Martin Arntzen, Øksnes
Styremedlem: Solveig Øye Bjørdal, Kabelvåg
Styremedlem: Gustav Fauskanger Pedersen, Leknes
Styremedlem: Peter-André Pliassov, Stamsund
Vara: Esben Nedrebø, Gravdal

Solveig Øye Bjørdal, Vemund Norekvål Knudsen, Martin Arntzen og Gustav Fauskanger Pedersen. I tillegg er Peter-André Pliassov og Esben Nedrebø i styret, men fekk diverre ikkje vore tilstades på oppstartsmøtet. Foto: Trine Rasmussen Sivertsen