aktuelt

Kraft til nynorsk

Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag.

Fire kraftselskap i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre har gått saman om å lage eit felles selskap som skal selje kraft på privatmarknaden i heile landet. Noregs Mållag forventar at selskapet vil bruke nynorsk.

Dei fire er Tafjord, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tussa.

Det er venta at det nye selskapet blir lansert til hausten. I dag har dei 100 000 kundar, og planen er å nå ut til endå fleire og bli eitt av dei største selskapa nasjonalt.

– Tre av kraftselskapa er ein del av nynorsken i Noreg. Dei har vore og er samfunnsbyggjarar på nynorsk i godt over eit hundreår. Kraftselskapa er viktige lokale aktørar, og no vil dei bli nasjonale. Vi forventar at det nye salsselskapet tek med seg nynorsken inn i framtida, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

– Eit nynorsk nasjonalt kraftselskap er verkeleg noko å gle seg til. Nynorsken er også eit kraftspråk, og vi trur både nye og gamle kundar vil ta godt imot ei slik nysatsing, seier Peder Lofnes Hauge.

Han peikar på at tre av selskapa brukar nynorsk, medan Tafjord kraft som har hovudkontor i Ålesund, brukar bokmål. Ålesund har blitt verdas største nynorskkommune.

– Det er ingenting i vegen for at Tafjord kraft bidreg til eit nynorsk salsselskap, seier Peder Lofnes Hauge.