aktuelt

Krev meir nynorsk på Kari Nessa Nordtun si pensumliste

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. Foto: Thomas Brun/NTB Kommunikasjon

Utdanningsdirektoratet har sendt rettleiande innhaldslister på høyring. Om lag 20 prosent av tekstane er på nynorsk.
– Det er alt for lite Noreg blant mykje Norge, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Han meiner desse listene fort vil bli definerande for kva lærarane presenterer for elevane sine.
– Desse listene skal gjelde også for nynorskelevane, som allereie møter for mykje bokmål.  For lite nynorsk forsterkar det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, seier han.

– Vinje, Vesaas, Aasen, Parr og Hovland er sjølvsagt med. Det skulle då også berre mangle. Om kunnskapsministeren verkeleg vil «løfte vår felles historie, våre tradisjonar og våre kulturuttrykk», må det meir nynorsk med.

Lofnes Hauge meiner alle norske elevar må møte meir nynorsk litteratur.

– Å lære seg både nynorsk og bokmål er å skrive seg inn i det norske – å bli norsk. Det gjeld sjølvsagt like mykje for Ole og Oline som for Ali og Aisha. Men då må den rike nynorske litteraturskatten få ein langt større plass enn det som er føreslått.

Her finn du høyringsutkastet frå Utdanningsdirektoratet. Frist for å sende inn høyring er 17. april 2026.