aktuelt

Krev nye nynorsktiltak

Leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge, saman med politiske rådgjevarar Vemund Knudsen og Frida Pernille Mikkelsen.

– Føremålsparagrafen i språklova må bety eit taktskifte i språkpolitikken, og eit slikt taktskifte må også vise att i løyvingane på statsbudsjettet, sa Peder Lofnes Hauge til familie- og kulturkomiteen under budsjetthøyringa.

Tysdag 25. oktober møtte Noregs Mållag til høyring i familie- og kulturkomiteen og utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Bodskapen var klar, den ferske språklova må bety ei satsing på nynorsk. Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 var utan nye nynorsktiltak. Det håpar Mållaget at Stortinget endrar.

Dei 17 nasjonale nynorskorganisasjonane i Nynorsk Forum har samla seg om ei auka løyving på éin million kroner til Noregs Mållag som det viktigaste tiltaket på kulturbudsjettet i 2023.

– Det trengs fleire ressursar i arbeidet vårt med oppfølging av offisiell norsk språkpolitikk. Erfaringa vår er at styresmaktene treng hjelpa vår for å passe på eigne språkpolitiske ambisjonar, og for å halde lovbrota på dette feltet på eit minimum, sa Lofnes Hauge i budsjetthøyringa.

På Mållaget si prioriteringsliste stod også pengar til dei nynorske teatera i Vestland fylke. I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett mangla det Det Vestnorske Teateret den statlege tilleggsløyvinga på 3,5 millionar kroner til drifta av teateret. Også Teater Vestland mangla 2 millionar kroner til drifta.

Noregs Mållag møtte også med klare krav til kunnskapsbudsjettet. Mållaget ber om 50 millionar kroner til digitale læremiddel, og ei oppstartsløyving til språkdelte ungdomsskular.

– Det pågande lovarbeidet til opplæringslova kan ikkje bli ei kvilepute, ei unnskylding for ikkje å løyve pengar. Sårbare nynorskelevar har allereie mista verdifulle år, og har ikkje tid til å vente lenger, sa mållagsleiaren til utdanning- og forskingskomiteen.